Hopp til innhold

Politiet: Køyr forsiktig i kveld!

Det er svært vanskelege køyretilhøve på vegane i Midt-Noreg i kveld. Politiet ber folk ta det roleg.

Trafikkulykke i Klettbakken i Trondheim

Denne sjåføren fekk problem i Klettbakken i Trondheim i føremiddag.

Foto: Erland Knutsen / NRK

– Det har komme mykje snø i Nord-Trøndelag og køyretilhøva er svært vanskelege. Fleire vogntog vil få problem utover kvelden, så vi ber sjåførane bruke kjetting, seier operasjonsleiar ved Nord-Trøndelag politidistrikt, Dag Hjulstad, til NRK.

Mange stod fast

I løpet av dagen har førarar av fleire vogntog og personbilar fått problem på det vanskelege føret.

  • Klokka 12.43 stenger eit polsk vogntog riksveg 769 mellom ved Salsnes mellom Høknes og Sørlikorsen. Vegen opna igjen klokka 16.05.
  • Klokka 15.07 køyrde ein personbil utfor vegen på riksveg 717 ved Rein i Rissa. Vegen opna igjen klokka 16.00
  • Klokka 14.40 får Vegtrafikksentralen melding om at vegen er stengt på riksveg 714 mellom Fillan og Sandstad på Hitra. Vegen opna for traifkk igjen klokka 15.49. Det er uvisst kva køyretøy som stengte vegen.
  • Klokka 15.00 får ein vogntogsjåfør problem på riksveg 30 ved Ålen. Vegen opna igjen klokka 18.45.
  • På E14 i Meråker var vegen delvis sperra eit større køyretøy i ettermiddag.
  • På E6 i Vegsetbakken i Snåsa melder politiet om to litauiske vogntog som står fast klokka 17.07.
  • På riksveg 70 ved Gråura i Oppdal fekk ein polsk vogntogførar problem rundt klokka 17.00.
  • Eit vogntog delvis sperrar vegen på riksveg 714 mellom tunnelopninga og rundkjøringa på Frøya.
  • Rundt klokka 20.00 får eit vogntog problem på E39 ved Vasslivatnet i Hemne.
  • På E6 står eit vogntog og sperrar nordgående køyreretning ved Følling kring 14 km nord for Steinkjer.

– Vi fekk det veldig travelt rundt klokka 17.00. Det var midt i rushet og mykje trafikk, seier Magnus Brevik Lundhaug, vaktoperatør ved Vegtrafikksentralen Region Midt, til NRK.

Meld frå til politiet

Vegtrafikksentralen ber folk vere merksame og følgje med trafikken når dei køyrer.

Om uhellet er ute, er det viktig å varsle andre om situasjonen.

– Ta på deg vest, set ut varseltrekant og varsle politiet viss de er matrielle eller personskadar, seier Brevik Lundhaug.

Hovudvegane kring Trondheim, som E6 og omkøyringsvegen over Sandmoen, er no salta og strødd etter fleire uhell i ettermiddagstrafikken.

Følg utviklinga i trafikken på NRK Trafikk.