Hopp til innhold

For mykje tukling med våpen i politiet

Politiet tuklar for mykje med skytevåpen, og følger ikkje forsiktigheitsreglane godt nok. Ei rekke ulykker har skjedd etter innføring av politivæpninga i fjor.

Politimenn med våpen patruljerer

Etter at politivæpning vart innført som ei mellombels ordning i fjor, har det vore for mange vådeskotulykker i politiet.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Ein er ikkje aktsam nok ved dei mange vådeskotulykkene i politiet.

Det meiner leiaren for spesialeininga for politisaker i Midt-Noreg, etter skyteulykka på politihuset i Namsos.

Politihuset stengt i tre timar etter ulykke

Vådeskotet i politihuset i Namsos inne på politikammeret, midt på dagen ein fredag, gjekk i leggen på ein kvinneleg konstabel.

Skotet som ikkje skulle vore løyst, går inn i rekka av mange liknande tilfelle med vådeskot, sidan politivæpning blei innført som ei mellombels ordning i 2014.

Som følgje av ulykka vart politihuset stengt i fleire timar ein fredag ettermiddag, og det kom ingen opplysingar om kva som hadde skjedd der inne, på tre og ein halv time.

Vådeskudd Namsos politi

Politikammeret i Namsos var stengt i mange timar etter ei vådeskotulykke på kammeret fredag.

Foto: Terje Ness
Halvor Hjelm-Hansen

Halvor Hjelm-Hansen, leiaren for spesialeininga for politisaker i Midt-Noreg meiner han ser for lite aktsemd når det gjeld våpenbruk i politiet.

Foto: Håkon Jacobsen / NRK

Leiaren for spesialeininga for politisaker i regionen Midt-Noreg, Halvor Hjelm-Hansen, seier ein alt for ofte ser ein svikt når det gjelder aktsemd i bruk av ladde våpen internt i politiet.

Denne gongen var det ei pistol som vart avfyrt, enda det ikkje skulle skje.

For mange tilfelle

Hjelm-Hansen ser ein praksis han ikkje likar:

– Vi ser vel at det i enkeltsituasjonar er litt mangel på aktsemd i dei sakene vi har etterforska så langt, seier han til NRK Trøndelag.

Meir om dei mange vådeskota i politiet.

Politiet har klare reglar for våpenbruk, og også i straffelova er det reglar om at ein ikkje må handle aktlaust i omgang med skytevåpen. Desse reglane har ein tendens til å bli brote, seier Hjelm-Hansen.

– Dette handler og om norma for korleis ein handterer eit tenestevåpen i politiet, seier leiaren for spesialeininga for politisaker i Midt-Noreg.