Den 67 år gamle mannen var innlagt på Sykehuset Namsos, då han rett før jul fortalte fleire tilsette på sjukehuset at han hadde tatt livet av Torunn Finstad og Sigrid Heggheim.
Mannen døydde rett før politiet formelt rakk å avhøyre han. I romjula har politiet jobba vidare med dei nye og oppsiktsvekkande opplysingane.
- På nyåret skal vi avhøyre folk som tilhøyrde same miljø som mannen på 70-talet, seier politiinspektør Kjell Erik Waclawczyk, ved Sør-Trøndelag politidistrikt, til NRK Trøndelag.
Bevis er borte
Hårstrå, som blei funne etter drapet på Torunn Finstad i Trondheim i 1977, kan vere borte.
Hårstråbevisa kunne ha gitt svaret på om drapsinnrømminga frå 67-åringen stemmer.
- Vi har etterlyst håret hos politiet for å få det DNA-testa. Beskjeden frå politiet er at dette ikkje eksisterer, har privatetterforskar Tore Sandberg tidlegare uttalt til NRK Trøndelag.
Psykiatrisk pasient
Mannen, som har innrømt drapa, har vore psykiatrisk pasient i mange år.
Politiet skal no gå grundig gjennom journalane hans og sjekke om han var i Trondheims-området dei dagane drapa skjedde.
Dei vil også på nyåret ha ein full gjennomgang av kva som finst av bevismateriale i dei to drapssakene.
- Vi håper å vere ferdig med etterforskinga i løpet av januar, og sender då ein rapport til statsadvokaten, seier Waclawczyk.
Torunn Finstad ble drept ved Stavne bru i Trondheim (Foto: NRK