Politiet minner om drone-folkeskikk

Politiet i Trondheim fekk søndag inn fleire telefonar frå publikum som reagerte på flyging med drone. Det førte til at politiet gjekk ut på Twitter og bad folk som brukar drone om å bruke folkeskikk.

Bilde drone henta frå NRK-beta-artikkel

Politiet ber folk som flyg med droner om å bruke vanleg folkeskikk - og gjerne lese regelverket frå Luftfartsverket.

Foto: Bjoern Gramm

«Flere meldinger i dag om folk som føler ubehag ved andres bruk av droner. Oppleves som nærgående og invaderende», skreiv politiet i Sør-Trøndelag på Twitter i ettermiddag.

Og kom like etter med ei aldri så lita formaning til dei som har tatt drone i bruk på finversdagar:

«Sjekk vedlagte link som sier noe om reglene rundt bruk av droner. Husk å ta hensyn til andre. Vi kommer langt med skikk og bruk tror jeg»

Det er Ebbe Kimo som er operasjonsleiar hos politiet denne ettermiddagen.

Meldingar også tidlegare

– Den eine meldinga kom frå Lian, frå folk som låg ute i sola og følte at ei drone nærgåande. Dei opplevde drona som sjernerende og mistenkte at det var snakk om filming av både vaksne og born, seier Kimo.

Lianvatnet, Trondheim

Det var i området rundt Lian og Lianvatnet at folk syntest drona vart litt for nærgåande i dag, ufrå det politiet fekk meldingar om.

Foto: Bjørn Steinar Gundersen / NRK

– Den andre meldinga var frå ein terasse i Ila, der det også vart meldt om drone som dukka opp over folk som sat ute og sola seg, seier Ebbe Kimo, som legg til at ein også har fått liknande meldingar tidlegare.

– På den bakgrunnen valde eg å leggje ut Twitter-meldingane om dette no i ettermiddag, seier operasjonsleiaren, og legg til at folk som ringjer inn ofte lurar på kor nær ein har lov til å flyge med drone, og føler seg ofte litt overvåka.

Sikkerheit

– Det det er jo ikkje berre i høve til soling og bading dette er aktuelt, folk føler det ubehagleg å ha ei drone sveve over seg også når det gjeld sikkerheita.

Og operasjonsleiar Ebbe Kimo hos politiet i Sør-Trøndelag legg altså ut link til Luftfartstilsynet si orientering om regelverket.

– Det skal jo gå an å setje seg inn i dette. Det er jo ikkje greit å ta bilde av folk utan at dei har samtykka til dette er jo noko det er laga reglar om. Blant anna er det eit 50 meters- krav med omsyn til det med flyging i nærheita til andre mennekse, køyretøy eller bygningar, som det står, seier operasjonsleiar Ebbe Kimo hos politiet i Sør-Trøndelag.