NRK Meny
Normal

Politiet kom etter to dagar

Først to dagar etter ei alvorleg trafikkulykke i Roan, dukka politiet opp på ulykkesstaden.

Politi-illustrasjon
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Artikkelen er flere år gammel.

Årsaka til at politiet ikkje rykte ut til den alvorlege trafikkulykke i Roan i helga var mangel på ressursar.

– Denne konkrete saka har samanheng med at politiet også måtte dekke andre oppdrag, seier politimeister i Nord-Trøndelag, Trond Prytz til NRK Trøndelag.

Seks involvert

Natt til søndag var seks personar mellom 14 og 40 år involvert i ei trafikkulykke i Roan. Dei seks sat i en uregistrert bil og det er mistanke om promillekøyring.

To menn og ein kvinne blei sendt til St. Olavs Hospital med luftambulanse etter utforkøyringa. Ein av dei tre blei alvorleg skadd i ulykka. Dei tre andre som sat i bilen blei sendt til Sykehuset Namsos.

Då politiet fekk melding om ulykka, var første fase avslutta og dei involverte sendt til sjukehus.

– Det som stod igjen var å sikre bevis og slik saka låg, var vi nøydd å vente til vi hadde tilgjengelege ressursar til det. Det hadde vi først på mandag, seier Prytz.

Sterke reaksjonar

Det at politiet ikkje dukka opp etter ulykka har vakt sterke reaksjonar i Roan.

Fordi Bjørnør lensmannskontor ikkje har eiga lokal vakt i helgene, må politihjelpa komme frå Namsos eller Steinkjer om det skjer noko. Desse styrkane var alt på ei anna oppdrag, forklarar politmeisteren.

– Vi snakkar om avgrensa ressursar og vi må prioritere. Utgangspunktet vårt er at vi prioriterer å ha ei god teneste i Bjørnør, Roan og Osen på dagtid, seier Prytz.

Forstår folket

Lensmann i Bjørnør Tor Flasnes forstår at folk gjerne vil at politiet skal komme til staden når det skjer ulykker.

– Når vi ser beredskapen opp mot liv og helse, så må folk skjønne at det blir prioritert høgare enn å gjere ei undersøking på ein åstad der ein bil har køyrd av vegen. Vi har jo snakka med med personellet, seier Flasnes.

Video fra Trøndelag

Den vesle måkefuglen krykkje var en av kystens vanligste fugler, på 80-tallet var det hundretusener av dem i fuglefjellene langs kysten, men nå er den strekt truet. Fuglefjellene blir stille - og biologer er svært bekymra for utviklinga
Kystkommunen blir fordelt på Hemne/Halsa, Hitra og Orkdal.
Arne Sevaldsen fant Norges største gullklump under gullgraving i elva Gisna.