Politiet klar for Storåsfestivalen

Lensmannskontoret i Meldal styrkar staben under årets Storåsfestival.

Mira og Pharrell
Foto: NRK

Politiet ventar ei tidobling av innbyggartalet i bygda, og vil mellom anna vere meir synlege på festivalområdet.

- Innbyggartalet i Meldal vil auke med 8 000 personar kvar dag i løpet av festivalen, seier lensmann Kjell Dalheim til NRK Trøndelag.

Politiet vil også redusere fartsgrensa gjennom bygda dei fire dagane festivalen varer.

- Vi reduserer fartsgrensa forbi festivalområdet frå 50 kilometer i timen til 30 kilometer i timen, seier Dalheim.

Han oppmodar også folk til å vere merksame på lommetjuvar.

- I fjor dukka det opp problem med lommetjuveri og folk som stal frå telt. Dette vil vi slå hardt ned på i år, seier Dalheim.