Hopp til innhold

Politiet etterlyser kassebil

Politiet i Midtre Gauldal etterlyser føraren av ein kvit kassebil.

Personen, som køyrde denne bilen kan ha vore i nærleiken då det begyte å brenne i fem lastebilhengarar ved Norsk Kylling på Støren natt til søndag.

- Kassebilen blei sett på E6 ved Soknesøra klokka 0430 natt til søndag, seier lensmann i Midtre Gauldal, Torill Rostad, til NRK Trøndelag.

Politiet trur brannen i fem av Norsk Kylling sine lastebilar kan vere påsett. Brannvesenet fekk melding om brannen like over klokka 0400 natt til søndag. Både brannvesen og politi var raskt på staden.

- Fire-fem tilhengarar som blir brukt til kyllingtransport er utbrent, sa operasjonsleiar ved Sør-Trøndelag politidistrikt, Leif Berglund, søndag.

Tilhengarane blei kobla frå trekkvognene for å hindre at brannen spreidde seg.

Politiet ønsker også tips om aktivitet i det aktuelle området både før og etter brannen.