Hopp til innhold

Snøskuterspor i skred var falsk alarm

Politiet vart varsla om snøskuterspor inn i eit snøskred i Oppdal i Trøndelag. Etter eit søk frå luftambulanse, viser det seg at spora ikkje var ferske.

SNØSKRED: Det har gått eit snøskred i Oppdal i Trøndelag. Ingen er meldt sakna.

Skredet har gått tidlegare, melder politiet på Twitter kl. 18.08.

Ein luftambulanse har gjort eit overflatesøk, og det såg ikkje ut til at snøskuterspora var ferske.

Politiet: – Ingenting som tyder på spor i skreda

Meldaren sa til politiet at det går skuterspor inn i skredet. Vedkommande har stått og observert med ein kikkert.

Ifølge politiet er ingen meldt sakna.

Snøskredet skal ha gått i området Heggvollbotten i Oppdal.

– Luftambulansen har sjekka ut fleire sked som har gått i same område. Det er ingenting som tyder på spor inn i desse skreda, skriv politiet i Trøndelag på Twitter kl. 18.14.

Heggvollbotten i Oppdal

OPPDAL: Snøskredet skal ha gått i området Heggvollbotten i Oppdal. Ifølge politiet er det normalt med snøskred i området.

Foto: NRK-tipsar

– Normalt med skred i området

– Vi har fått melding om eit skred som har gått i eit område vest for E6. Det er eit veldig bratt terreng, så det er normalt at det kan gå skred i området. Spesielt no for tida.

Det opplyser operasjonsleiar Anne Birgitte Arras i Trøndelag politidistrikt til NRK.

Politiet varsla om hendinga kl. 17.39.

Like etter klokka 18 tvitrar dei at det er «STOR fare for at fleire skred vil gå i området i dagane som kjem» på grunn av snøsmelting.

Naudetatar på staden

Politi og luftambulanse er på staden. Hovudredningssentralen er også involvert.

Politiet ber om at personar i området med kjennskap til skredet, varslar politiet på 02800.