Politimeister i Nord-Trøndelag Trond Prytz, seier til Namdalsavisa at han er glad for vedtaket.
- Vi er glade for at Riksadvokaten slutter seg til konklusjonane i SEFOs vurdering av saka.
Rykte ikkje ut
Bakgrunnen for SEFO si etterforskinga er at ved 11:00-tida samme dag som den fatale dødsulykka skjedde, fekk Namsos og Fosnes lensmannskontor to meldingar frå privatpersonar om at steinsprut frå anleggsområdet var spreidd utover eit større område.
Politiet fekk mellom anna vite at ein bil like ved anleggsplassen hadde fått større skadar. Trass i meldingane, valte lensmannskontoret ikkje å rykke ut for å sjekke skadane og det arbeidet som blei gjort.
Politimeister Trond Prytz.
Mangla bevis
Det blei ikkje funne bevis for at nokon av dei involverte tenestemennene hadde gjort noko straffbart.
Saka blei difor den gongen lagt bort av SEFO og statsadvokaten i Trøndelag i fjor sommar.
Etter det blei saka anka inn for Riksadvokaten, som no har komme fram til same konklusjon.
- Eg håper denne episoden ikkje gjer at publikum er skeptiske til måten politiet gjer arbeidet sitt på. Folk kan føle seg trygge på at vi tek ting på alvor og at politiet vil vere til stades når noko skjer, seier Prytz til Namdalsavisa.