NRK Meny

Polakk knivstukke i Melhus

Ein polakk i 30-åra kom til St.Olavs Hospital med alvorlege knivskadar i natt. Sjukehuset varsla politiet. Fem personar er no pågripne og skal avhøyrast i dag. Ugjerninga skjedde i ein privatbustad i Melhus, og krimteknikarar er der for å granske åstaden. Så langt er ingen kniv funne, opplyser Trond Volden i politiet i sørfylket.