Person oppførte seg trugande på Nav-kontor i Trondheim

Politiet fekk raskt kontroll på vedkommande, og opprettar ikkje sak.

En mann opptrådte truende ved NAV sitt kontor på Lerkendal i Trondheim.

LERKENDAL: Politiet rykte ut til ein trugande episode på Nav sitt kontor på Lerkendal i Trondheim.

Foto: Karianne Breivik Eldnes / NRK

Ein person skal ha oppført seg trugande på eit Nav-kontor i Trondheim, melder politiet på Twitter like før klokka 12.

Politiet fekk raskt kontroll på mannen.

Klokka 14 opplyser politiet til NRK at det ikkje vil bli noko politisak etter hendinga.

Dei fekk avklart kva som skjedde, og avslutta på staden.

En person oppførte seg truende på NAV sitt kontor på Lerkendal i Trondheim.

KONTROLL: Politiet har kontroll på personen som oppførte seg trugande ved Nav i Trondheim.

Foto: Karianne Breivik Eldnes / NRK

– Dramatisk for dei involverte

– Vi fekk melding klokka 11.32 frå Nav Lerkendal om ein hissig mann som ikkje ville høyre etter det dei Nav-tilsette sa. Det er uklart kva som har skjedd, så vi snakkar med begge partar, sa operasjonsleiar Trond Volden ved Trøndelag politidistrikt til Adressa.no.

Det heile skal ha løyst seg raskt.

– Det var nok dramatisk for dei som var der då det starta, seier Volden til NRK.

Mange får trugslar

Måndag døydde ei kvinne i 50-åra etter knivstikking på eit Nav-kontor i Bergen. Ei anna kvinne vart innlagt på sjukehus med lettare skader etter knivangrepet.

– Vi blir ekstra vaken på liknande hendingar rett etter noko slikt har skjedd. Det er jo naturleg, seier Volden i Trøndelag politidistrikt.

Berre i år har Nav-tilsette i Bergen opplevd uønskte hendingar som trugslar og utskjelling 38 gonger.

På landsbasis har det vore 1042 hendingar knytt til vald og trugslar mot Nav så langt i år.