Hopp til innhold

Pepperkakejuryen i tenkeboksen

114 pepperkakehus i alle variantar deltek i konkurransen. No er juryen i tenkeboksen for å plukke ut sine finalistar.

Send oss ditt pepperkakehus

TØFF JOBB: Det blir ein vanskeleg jobb for juryen å finne dei fem finaste pepperkakebygga.

Foto: Montasje: Per Kristian Johansen / NRK

Pepperkakehus

TROMSØHUSET: Dette fargerike godterihuset er laget i Tromsø.

Foto: Grete Haug, Tromsø

– Det er mykje flott i år. Husa blir meir kreative og varierte for kvart år, seier sjef for Pepperkakebyen i Bergen, Steinar Kristoffersen, til NRK.no.

Han er ein av tre som sit i fagjuryen i konkurransen «Noregs finaste pepperkakehus».

Saman med restaurantdrivar Pernille Aga og Tore Kvande, prosjektdirektør ved SINTEF Byggforsk, skal han plukke ut fire finalistar blant dei 114 pepperkakebygga som har komme inn.

Tvillingduo utgjer barnejuryen

Pepperkakehus

PEPPERKAKEBORG: En fire år gammel tradisjon er i ferd med å sprenge alle proporsjoner. Blir bare større og større for hvert år.

Foto: Steinar Utstrand, Trondheim

Det siste finalebygget er det tvillingane Marcus og Martinus Gunnarsen, som vann Melodi Grand Prix Junior i år med songen «To dråper vann», som skal plukke ut.

Det skjer på NRK1 lille julaften i programmet «Kvelden før kvelden».

Høg kvalitet på årets bygg

Dei innsendte bidraga til årets konkurranse har høg kvalitet. Pepperkakebakarane har vore kreative.

Fleire har latt seg inspirere av historiske bygg, kyrkjer, Harry Potter, borgar og slott.

Både Titanic og Kon-Tiki er respresentert blant dei 114 innsendte bildene.

Pepperkakehus

DRØMMEHUSET: Designet er basert på drømmehuset jeg drodlet ned for noen år siden, inspirert av huset til familien Weasley i Harry Potter, nå i tradisjonal pepperkakehusstil med godteridekor.

Foto: Rob Starling, Oslo

– Det er fantastisk mange flotte pepperkakehus. Eg er imponert over kor mange pepperkaketalent som finst, seier jurymedlem Tore Kvande.

Lesarane kårer vinnaren

Dei fem finalistane blir presentert i TV-programmet «Kvelden før kvelden» på NRK1 lille julaften.

Etter det er det opp til NRK.no sine lesarar å kåre vinnaren som får ei Ipad Mini i premie. Det vankar også trøystepremiar til et utval pepperkakebakarar som ikkje nådde heilt til topps.

Vinnaren blir offentleggjort fredag 28. desember.