Den nye jordskiftelova, som skal forenkle saksbehandlinga om jordskifte, skal etter planen tre i kraft ved årsskiftet. Men dette finst det ikkje pengar til, skriv Nationen.
Domstoladministrasjonen har bedt regjeringa om 7,5 millionar kroner, men har fått avslag. No åtvarar dei mot lange køar av jordskiftesaker.
– Dette betyr at det ikkje vil vere midlar til å skaffe jordskiftelagdommarar og utgreiarar til Borgarting lagmannsrett og Hålogaland lagmannsrett. Desse lagmannsrettane vil dermed vere utan jordskiftefagleg kompetanse og må overføre jordskiftesakene til andre lagmannsrettar, seier avdelingsdirektør i rettseininga i Domstoladministrasjonen Solveig Moen.
Les også:
Les også:
Ber om svar
Arbeidarparti-representanten i justiskomiteen, Lene Vågslid, vil no be justisminister Anders Anundsen (Frp) om svar på kvifor det verken vart sett av pengar på statsbudsjettet eller revidert statsbudsjett, trass i fleire oppfordringar og klar beskjed frå Stortinget.
– Beskjeden frå justiskomiteen er veldig klar. Det er grunn til å spørje seg om regjeringa følgjer opp stortingsvedtaka, seier ho.
Må dekke sjølv
Statssekretær Vidar Brein-Karlsen (Frp) i Justisdepartementet seier at føresetnaden for ny jordskiftelov var at domsstolane sjølv dekkjer utgiftene i samband med innføringa.
– Vi følgjer nøye med og er opptekne av ei vellykka innføring av lova. Vi har fått med oss innspela frå Domstoladministrasjonen, men vi reknar med at domsstolane sjølve er i stand til å dekke dei førebuingsutgiftene som er nødvendige for å få jordskiftelova i gang, seier han til Nationen.