Det var torsdag for vel ei veke sidan at ei av systrene til døde Marita Strøm fekk telefon frå radiokanalen P4. Få minutt tidlegare hadde familien fått beskjed om at Osman Omer Osman var dømt til døden ved henging i Nord-Irak.
Systera ønskte ikkje å uttale seg til radiokanalen, men journalisten som ringte, held fram med å stille spørsmål.
For å få avslutta samtalen på høfleg måte sa systera at ho var glad for at ting var på gang.
- Systera mi hadde akkurat fått vite om dødsdommen, og ho visste ikkje at det blei gjort opptak av samtalen. Slikt bør ikkje skje, og her bør kanalen ta seg sjølv i nakken, seier talskvinne for familien, Evy Strøm, til NRK Trøndelag.
Håper på reaksjonar
Marita Strøm (Foto: privat)
Telefonsamtalen blei seinare sendt på lufta i P4 og systera blei sistert i fleire aviser i etterkant. Onsdag sendte Evy Strøm, på vegne av familien, klagen til PFU.
Familien stiller i sin klage spørsmål ved om det er ikkje er vanleg presseskikk å be om løyve, eller i det minste informere om at samtalen blir tatt opp.
- Det skal ikkje vere nyheiter for ein kvar pris. Ein slik deserasjon i nyheitsverda treng vi ikkje, seier Strøm til NRK Trøndelag.
Ho håper dette er eit enkelttilfelle, men om det er fleire som har opplevd det same oppfordrar ho dei til å reagere.
- Eg håper vår klage til PFU kan føre til at nivået og terskelen for nyheiter blir heva, seier Strøm.
- Marita må få kvile
Dette er første gong familien uttaler seg etter drapsdommen.
No håper familen som sit igjen etter Marita Strøm at journalistane snart er fornøgd og at dei kan få litt ro. For det harde mediekøyret tek på.
- Eg skjønnar at det må seljast aviser for å tene pengar og at journalistane må ha nye vinklingar kvar dag, men det er hardt å måtte forhalde seg til dette kvar dag, innrømmer Strøm.
Ho ber no om ro for familien og at Marita Strøm skal få kvile.
P4 kjenner ennå ikkje innhaldet i klagen og ønskjer førebels ikkje å kommentere den.