Hopp til innhold

Øykommunane får ekstra pengar

Kommunaldepartementet gir 800.000 kroner i stønad til ti øykommunar som vil sjå på utfordringar for kommunar som er avhengige av ferjer. – Heilt fantastisk, seier Leka-ordførar Per Helge Johansen.

Skei ferjekai, Leka

Skei ferjekai, Leka. Leka er blant dei ti øykommunane som får spesialstønad frå kommunaldepartementet i arbeidet med kommunereforma.

Foto: Trygve Hongset

Jan Tore Sanner

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H)

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Træna kommune, i samarbeid med Fedje, Hasvik, Kvitsøy, Leka, Røst, Smøla, Solund, Utsira og Værøy, vil gjennomføre ei utgreiing for å sjå nærare på utfordringane for øykommunane i den kommande reformen.

Les: Krever utredning før kommunereform

– Særlege utfordringar

Departementet vil dekke kostnadene for den planlagde eksterne utgreiinga.

– Desse kommunane har særlege utfordringar. Samstundes har innbyggarane på desse øyene også krav på gode og likeverdige velferdstenester, så kommunane må vurdere korleis dei best kan skape det, seier kommunalminister Jan Tore Sanner (H).

Målet er å kartlegge utfordringane for kommunar som er avhengig av ferje for å komme til næraste nabokommune.

Les: Øykommuner kjemper for sin eksistens

– God kommunikasjon med departementet

Per Helge Johansen

Per Helge Johansen, ordførar i Leka kommune.

Foto: NRK

Dei ti øykommunane bad om 1,2 millionar kroner, men får altså 800.000 kroner.

– Dette er ein siger, eg er kjempeglad, seier ordførar på Leka, Per Helge Johansen (Sp).

– Vi har jobba målretta med dette, og sjølv om vi ikkje fekk heile summen vi søkte om, viser kommunaldepartementet at dei tek omsyn til øykommunane, og syns initiativet vårt er godt, seier han.

Dei ti øykommunane, frå Hasvik i nord til Utsira i sør, har hatt fleire møte. På eitt av dei var statssekretær Jardar Jensen til stades.

Per Helge Johansen er godt nøgd med kommunikasjonen med departementet.

– Det er viktig at arbeidet vårt skjer i samarbeid med departementet, og dei har tatt godt imot innspela våre så langt. Det nyttar å vere uredd og kontakte departementet, seier han.

– Pengane er ein ting, men det at departementet prioriterer å jobbe saman med oss, det er fantastisk, sjølv for meg som er senterpartimann, seier Johansen.

Han trur havet og kysten vil vise seg å vere viktig for heile landet i framtida.

– På dette viset er vi med på å jobbe for heile landet, og det er fint. Eg gler meg til å arbeide vidare med øykommunesamarbeidet og få fram det rette bildet av utfordringane våre i kommunereforma, seier han.