Hopp til innhold

Overrasking på bryllupsdagen?

Cecilie Buvik og Kristian Meland er eit av mange par som har valt å gifte seg på den heilt spesielle datoen 07.07.07.

Cecilie Buvik og Kristian Meland
Foto: Privat

Det kan by på overraskingar på bryllupsdagen, forklarar astrolog Nina Skjerstad.

- Kanskje gløymer presten orda eller brudgommen talen sin, og i staden kjem det eit uventa innslag som ein ikkje har drøymt om i det heile, seier Nina Skjermstad til NRK Trøndelag.

Blir betre enn planlagt

Bakgrunnen for at par, som har valt å gifte seg på den spesielle datoen 07.07.07, kan bli overraska er at planeten Merkur går bakover tre gongar i året, i omlag tre veker.

Akkurat no er planeten inne ein slik periode. Merkur handlar om distribusjon, kommunikasjon, avtalar og det å snakke med kvarandre.

- Ein kan vente at ting ikkje går som planlagt, men med stort sannsyn blir det uventa betre enn det som var tenkt, seier Skjemstad.

- Det blir spennande å sjå kva som skjer, seier Kristian og Cecilie.

Tilfeldig dato

For 25 år gamle Cecilie Buvik og 28 år gamle Kristian Meland frå Trondheim er det heilt tilfeldig at det blir bryllup den svært så populære datoen, 07.07.07.

- Vi skulle velje to datoar sjølve. Kristian valte 7. juli og 14. juli og eg valte 14. juli og 21.juli, så bestemte vi oss for å ta den 7. juli, seier Cecilie Buvik til NRK Trøndelag.

Men det er mange som har valt datoen fordi det er ein spesiell talkombinasjon og fordi det er enkelt å hugse 07.07.07. Kristian syns ikkje det er noko ulempe at bryllupsdagen er lett å hugse i framtida.

- Takk og pris, det blir heldigvis ein lett dato å hugse, ler Kristian.

Mykje impulsivitet

Astrolog Nina Skjemstad syns det er interessant at Cecilie og Kristian har valt datoen på impuls.

- Både venus og månen, som handlar om kjærleik, kjensler og romantikk, er i eldteikn. I tillegg har vi mange andre planetar, i alt fem stykk, som er i eldteikn og det vitnar om at det er mykje impulsivitet, spenning og lidenskap, seier Skjemstad til NRK Trøndelag.

Viktig med fridom og tillit

Astrologen forklarar vidare at det er viktig for alle par som gifter seg 07.07.07 å gi kvarandre fridom og tillit i ekteskapet. Klare målsettingar og tydelege avtalar er også faktorar som vil bli avgjerande.

- Det er også viktig å ikkje bli altfor opptatt av plikter og ansvar, men å gjere spennande ting saman. Ikkje la kvardagen ta dykk, er rådet frå Skjermstad.

Cecilie og Kristian gifter seg i Strinda kirke i Trondheim klokka 14.15 den 07.07.07.