Hopp til innhold

Overgrepstiltalt «sugardaddy»: Visste ikkje at jentene var sårbare

Alle jentene stod fram som svært modne og intelligente, meiner mannen i 50-åra frå Trøndelag.

Bilde av sms-kommunikasjon mellom tiltalte og ei av tenåringsjentene

Deler av SMS-kommunikasjonen mellom tiltalte og ei 17 år gamal jente.

Foto: Trøndelag tingrett

Mannen er tiltalt for overgrep og sexkjøp av sju tenåringsjenter som han møtte for «sugardating».

Tiltalte visste ikkje at fleire av jentene hadde rusproblem.

– Det var veldig leit å høyre det dei fortalde i retten, sa han då han forklarte seg tysdag.

Rettssaka mot 50-åringen starta måndag. Mannen nektar for at han har gjort noko gale.

«Modent tankespinn»

Tiltalte sa han vart interessert i fenomenet «sugardating» i 2017 etter eit innslag på «God morgen Norge» på TV 2.

Bistandsadvokat Sigrun Dybvad spurte kva behov han fekk dekt bortsett frå sex.

– Eg fekk innsyn i korleis unge har det i dag. Menneskelegheit er ikkje ukjent for meg. Med aldersskilnaden har ein jo ei viss livsrøynsle.

Dei sju jentene var mellom 15 og 18 år.

Han avviste at møta berre bestod av sex. Jentene som vil ha ein «sugardaddy» søkjer etter spenning og røynsler med vaksne menn, meinte tiltalte.

– Mange jenter som er på nettsida er lei av umodne unge menn som kanskje ikkje har så mykje å snakke om.

I vitnemålet sitt brukte han mange gonger orda «dialog» om korleis møta med jentene var.

Han kalla det «modent tankespinn».

Merka ikkje at dei var sårbare

Fleire av jentene han møtte fortalde i retten at dei trengde pengar fordi dei hadde rusproblem og angst.

Dette var ukjent for tiltalte. Jentene hadde fortalt han om tidlegare rus, men at dette var eit unnagjort stadium.

Ei av jentene sa i retten at ho hadde fleire arr etter sjølvskading. Ho meinte han måtte ha skjønt at ho sleit.

Tiltalte rekna med at pengane dei fekk vart brukte på husleige, mat, klede og liknande. Ei av jentene fortalde han at ho sparte til ei språkreise.

Nokre av jentene var med han på turar med overnattingar på hotell. Dei åt middag, såg på fotballkamp, dokumentarar, spelte kort og hadde lange samtaler, ifølgje tiltalte.

Jenta som hadde sett fotball saman med han, sa at det skjedde i hotellsenga og at dei var nakne fordi tiltalte ville massere henne.

Pirrande relasjon

Den yngste fornærma var nett fylt 15 år då tiltalte vart «sugardaddyen» hennar. Ho fortalde han at ho var 16. Aldersgrensa for å opprette profil på nettsida er 18.

I kommunikasjonen med jenta skriv han at det «pirrer» han å ha ein relasjon som er sosialt uakseptabelt.

Epost fra «sugardaddy» (Skjermdump)

Utdrag frå e-post frå tiltalte til ei 15 år gamal jente.

Aktor, politiadvokat Kjersti Hegerberg, sa at ho hadde googla den fornærma i går og lett funne ut at ho var konfirmant i 2020.

Tiltalte svarte at han trudde på jenta då ho sa ho var fylt 16.

– Han laug jo om alt

Ei jente var 18 år då ho kom i kontakt med tiltalte i 2017. Ho ønska å prøve «sugardating», fordi det verka spennande. Men ho gjorde det klart for tiltalte at ho ikkje ville prostituere seg. Det var heller ikkje hans ønske.

Dei to hadde tilsynelatande respekt for kvarandre, slik kvinna opplevde det.

– Om ein er trygg på seg sjølv og gamal nok er «sugardating» greitt, sa kvinna i retten.

Dei var på hotellovernatting og på hyttetur. Ho fekk pengar i rosa konvoluttar som dei andre, men det var aldri avtalt faste beløp. Kontakten varte eit års tid.

Tiltalte fortalde mykje om seg sjølv.

Men ho syntes det var rart at ho ikkje fann noko på nettet om han då ho googla namnet han hadde oppgitt.

Etter kvart skjøna ho at han hadde bløffa henne om det meste:

– Han laug jo om alt. Om familien sin, jobben. Då det gjekk opp for meg ville eg konfrontere han. Men då hadde han alltid orsakingar for å ikkje møte meg igjen.

Kvinna sat i vitneboksen ein meter frå tiltalte. Ho såg på han og sa at han var ein vondt menneske som ho håpa hadde mista alt og fekk det dårleg i fengsel.

Fristen for å tiltale nokon for å ha kjøpt sex av vaksne er to år. Forholdet der dette vitnet er fornærma, var forelda i 2020. Derfor trekte aktor dette under rettssaka.

Forsvarer ønska likevel å høyre vitnet.

Eit rollespel

Aktor ville vete kvifor tiltalte brukte eit fiktivt namn, stilling og arbeidsgjevar.

– Eg såg ikkje behov for det og ingen spurte. Det er ein del av settinga, det er eit rollespel, svarte tiltalte.

Han antyda også at den store aldersskilnaden ikkje ville ha vore godtatt i omgangskrinsen hans.

På kva som er skilnaden mellom sexkjøp og det han dreiv med, sa han:

– Kjøp av sex er ein klar avtale om vederlag for spesifiserte seksuelle tenester. «Sugardating» er ein lengre dialog og ein må forsikre seg om at jentene er med på, svarte tiltalte.

På vegner av jenta som var 15 år, kjem bistandsadvokat Dybvad til å krevje oppreisningserstatning.

Tiltalte vil avvise å godta det:

– Det er ikkje snakk om noko «tort og svie», svarte han.

Ber om to års fengsel

– Tiltalte manipulerte jentene, sa aktor i prosedyren sin tysdag.

Han hadde makt og pengar og førte sårbare tenåringar inn i prostitusjon, meinte Hegerberg.

Ho la ned påstand om to års fengsel i Trøndelag tingrett tysdag.