Hopp til innhold

Over 2500 i 1. mai-tog

Ny rekord i Trondheim då arbeidarane sin dag skulle markerast.

1. mai markering på Torget
Foto: Silje Kolaas / NRK

Fleire tusen var samla i gatene i Trondheim sentrum i dag. Heile 2500 gjekk i tog. Det er rekord i Trondheim.

I alt var det omlag 4000 menneskjer samla rundt torget på ettermiddagen.

Yrande folkeliv

Årets hovudparolar var "For fridom, likskap og eit folkestyrt sosialistisk Noreg", "Forsvar uførepensjonen og offentlig pensjon", "10 mrd til kommunane - styrk kommuneøkonomien" og "Stopp anbod i kollektivtrafikken".

Gatene var fylt med musikk og slagord. Dei som nok markerte seg utanom hovudparolane var nok bebuarane frå Svartlamon med trommekorps og parolen ”Mot sentralisering av skular”.

Også Fremtiden i våre hender markerte seg i toget medan dei ropte ”Ikkje gjer som Statoil seier, Jens!”, då dei markerte motstaden mot oljeborring i nord. Også Sosialistisk Ungdom var ute og kjempa for likestilliga.

Ikkje alle gikk i tog

Men ikkje alle var ute for å gå i tog. Randi Tostrup Bjørgan er ei av mange som møtte opp for å sjå toget. Ho vaks opp på ein industristad og har gått mykje i tog. Men i dag skal ho bere få med seg stemninga.