Hopp til innhold

Ove vart vitne til campingbrann på Frosta

Ove Thrana kom tett på branntragedien på Frosta, der éin person omkom. Frå mars kjem det nye reglar for brannsikkerheit på campingplassar.

Nedbrent husvogn etter campingbrann i Frosta

NEDBRENT: Ein mann omkom då denne husvogna brann ned på Hyndøya camping i Frosta måndag 27. desember.

Foto: Rita Kleven / NRK

– Eg sat i stolen min, og såg røyk og brann frå nabohusvogna ti meter unna, fortel Ove Thrana.

Måndag omkom ein mann i ein brann på Hyndøya camping i Frosta.

Thrana var nabo. Han blei vitne til branntragedien då han vakna like før klokka seks om morgonen.

Brann i husvogn på Hyndøya camping i Frosta

FLAMMAR: Ove Thrana såg flammar og røyk hos naboen då han vakna måndag morgon.

Foto: Privat

Han varsla brannvesenet som kom raskt til staden. Då var husvogna på campingplassen allereie overtent.

Thrana trudde først det ikkje var folk i campingvogna som brann.

– Det synest eg er veldig tragisk. Det blir eit heilt anna perspektiv på ulukka når det går menneskeliv tapt.

Ove Thrana

VITNE: Ove Thrana vart vitne til dødsbrannen på Hyndøya camping i Frosta.

Foto: Rita Kleven / NRK

Nye reglar for brannsikkerheit kjem i mars

Kvart år er det rundt 45 campingbrannar i Noreg. Det viser tal frå Norsk brannvernforening.

Dei fleste brannane skjer i sommarhalvåret. I sommar vart to turistar berga ut frå ei brennande campingvogn i Oppdal.

Thrana føler seg trygg på campingplassen i Frosta. Avstanden mellom vognene er god. Han har husvogn ti meter unna brannåstaden. Han har brannsløkkingsapparat og fleire røykvarslarar i vogna.

Frå 1. mars 2022 blir det innført nye reglar for å auke brannsikkerheita på campingplassane.

Då skal avstanden mellom campingvognene auke frå tre til fire meter. Nye campingplassar må etablere branngater for å hindre spreiing og gje plass til brannbilar.

− Regjeringa er opptekne av at reglane skal vere enkle å etterleve for brukarane og lette gjennomføringa av tilsyn for brannvesenet. Det meiner vi dei nye reglane er, seier kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) i pressemeldinga.

Ordførar positiv til nye reglar på campingplassane

Brannen på Frosta har gjort stort inntrykk også på ordføraren.

– Det er ein veldig tragisk brann. Eg vil uttrykke medfølelse for pårørande og familie av den omkomne, seier Frosta-ordførar Frode Revhaug (H).

Frode Revhaug, ordfører Frosta. Han står utendørs med svart jakke og ser inn i kamera.

ORDFØRAR: Frosta-ordførar Frode Revhaug (H) omtalar brannen på Hyndøya camping som tragisk.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Kommunen har fleire campingplassar, og han er positiv til nye reglar.

– Det gir oss meir tryggleik. Ikkje minst for dei som ferierer og oppheld seg på campingplassen.

Han held fram:

– Men det gir også ein tryggleik for campingeigaren. Dersom uhellet er ute, kjem brannmannskapet fort fram.

Ukjent brannårsak

Årsaka til brannen i husvogna på Frosta er foreløpig ikkje kjent.

Seksjonsleiar for etterforsking i Trøndelag politidistrikt, Annar Sparby, fortel at kriminaltekniske undersøkingar pågår.

Den omkomne er ikkje identifisert, men alt peikar i retning av at det er den sakna mannen i 50-åra frå Trøndelag som mista livet, seier han til NRK.

Nedbrent husvogn etter campingbrann i Frosta

TOTALSKADD: Politiet veit framleis ikkje kva som er årsaka til brannen på Hyndøya camping i Frosta.

Foto: Rita Kleven / NRK