Hopp til innhold

Statsadvokat vil forlenge forvaringa for trønder som har skadd tre kvinner i underlivet

– Det er framleis nærliggande fare for nye alvorlege lovbrot, seier statsadvokat Per Morten Schjetne til NRK. Han krev forlenga forvaring på tre år for trønderen (59) som har sete i fengsel i snart ti år.

Bevis i rettssak

TAPETKNIVAR: Mannen sa han brukte dei til mellom å anna sløye fisk.

Tiltalte er dømt tre gonger for å ha skadd kvinner i underlivet. Statsadvokaten meiner samfunnet framleis må vernast mot steinkjermannen.

Dømd for grov vald mot tre kvinner

Det første offeret var den dåverande kona hans.

I 2004 vart han dømd til fengsel i to år og seks månader for å ha skadd henne alvorleg i underlivet med ein tapetkniv.

Like etter at han slapp ut frå fengselet, vart han kjend med ei kvinne frå Malvik.

Under ein tur til Østersund i 2007 døydde ho i campinghytta dei leigde.

Mannen nekta straffskuld og meinte kjærasten var sjuk.

I Østersund tingsrett vitna også ekskona om det han gjorde mot henne.

Den svenske lagmannsretten (Hovretten) frifann han i 2011 for aktlaust drap på malvikkvinna og dømde han til fengsel til tre år og fire månader for grov mishandling.

Forvaring forlenga to gonger

Året etter vart han tiltalt for å ha skadd ei steinkjerkvinne i underlivet.

I retten hugsa ho ikkje så mykje av det som skulle ha skjedd heime hos han. Der vart det funne mange tapetknivar, som tiltalte sa han brukte til å sløye fisk.

Statsadvokaten meinte mannen måtte dømast til forvaring fordi det var eit mønster i framferda hans.

Fleirtalet i tingretten frifann tiltalte i mangel på bevis på at det var han som hadde skadd kvinna.

Men ein samrøystes Frostating lagmannsrett dømde han til forvaring for sju år sidan.

Aktor Per Morten Schjetne leser fra dommeravhør under rettssaken om drapt på Råger Holte

AKTOR: Statsadvokat Per Morten Schjetne meiner samfunnet framleis må vernast mot tiltalte.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Alvoret i saka tilseier ikkje lengre forvaring

I fjor vår søkte mannen om å bli lauslaten på prøve slik han har høve til. Men seinare trekte han søknaden.

Forsvarer John Christian Elden opplyser at tiltalte meiner forlenga straff ikkje er naudsynt:

– Sakas alvor tilseier ikkje lengre forvaring enn den han no er ferdig med, skriv Elden i ei melding til NRK.

Hovretten i Sundsvall

FORSVARER: Her er John Christian Elden saman med tiltalte på veg inn i den svenske lagmannsretten i 2011.

Foto: Marcus Frånberg / Sveriges Radio

Rettsspsykiatrar har fleire gonger konkludert med at mannen har alvorlege og sjeldne seksuelle avvik med innslag av sadisme.

Sjølv har tiltalte i retten forklart at han alltid har vore opptatt av underlivet til kvinner, men at han ikkje har meint å skade dei.