Trondheims-Ørn slo Kattem 5-1 i tredje runde i cupen. (Foto: NRK)
Jentene i Trondheims-Ørn banka Kattem i tredje runde i cupen. Ørn-trenar Trond Nordsteien var likevel ikkje heilt nøgd med jentenes innsats i første omgang.
- Eg syns ikkje vi er dyktige nok i den siste fasen, det fører til at vi ikkje får mange nok målsjansar, seier Nordsteien til NRK Trøndelag.
God Pedersen
I andreomgang lausna det for jentene i Trondheims-Ørn.
Heile fire mål greidde laget å få forbi Kattems keeper. Heidi Pedersen spelte opp til fleire av måla.
- Katten gjekk litt i oppløysing og blei slitne, mens vi kom meir på hogget, seier Pedersen.
Mista sjølvtilliten
Etter at Kattem blei hardt pressa i heile andre omgang måtte Kattem-trenar Bård Stenseth innsjå at dei mange baklengsmåla fekk jentene til å miste sjølvtilliten.
- Tre av måla er gode av Trondheims-Ørn. Dei to andre kjem ved at vi er sårbare når vi mister ballen på veg framover og får kontringar imot, seier Stenseth.
Han legg til at det er surt å ryke ut av cupen.
Trondheims-Ørn møter Røa på bortebane 23. august.