Hopp til innhold

Ørland, Bjugn og Roan til valurnene

Tre nye kommunar i Trøndelag skal i dag ta stilling til om dei vil slå seg saman eller stå åleine i framtida.

Kommunesammenslåing Bjugn Ørland

Ørland og Bjugn er to av kommunane som mandag skal halde folkeavstemning.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK Trøndelag

Det er duka for ein ny «supermandag» med heile 46 folkeavstemningar om kommunesammenslåingar på landsbasis. I Trøndelag skal innbyggarane i Ørland, Bjugn og Roan gi si stemme.

Vi oppdaterer fortløpende:

Lang prosess

Ørland rådhus

I Ørland kan innbyggarane mellom anna gi si stemme i rådhuset på Brekstad mellom klokka 0900-2000.

Foto: Ingrid Lindgård Stranden / NRK

I Ørland og Bjugn skal innbyggarane røyste over om dei skal slå seg saman med kvarandre eller halde fram som eigne kommunar.

Dei to Fosen-kommunane har dei siste åra gjort fleire forsøk på å slå seg saman. I 2014 blei det gjennomført ei rådgivande folkeavstemning. Den gongen sa eit klart fleirtal i Bjugn nei til å slå seg saman med Ørland og prosessen stoppa opp.

I juni i fjor gjorde dei to kommunane eit nytt forsøk på samanslåing og det blei lagt fram ein intensjonsavtale for dei to kommunestyra.

Så blei det stille til mars 2016. Då overraska dei to rådmennene i Ørland og Bjugn alle, og kom med ei oppfordring om å slå saman dei to kommunane. I rådmennene si skisse heiter det mellom anna at ordførar, rådmann og administrasjon skal sitte i Bjugn, men at kommunen skal heite Ørland.

Roan + Åfjord ?

Sør-Roan skole

I Roan er Sør-Roan skole ein av lokala der innbyggarane kan røyste over om dei skal slå seg saman med Åfjord.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

I Roan og Åfjord har lysta til eit samarbeid vore god på begge sider av kommunegrensa og innbyggarane i Roan skal mandag stemme over om dei vil slå seg saman med nabokommunen Åfjord, eller stå åleine.

I Åfjord er det brei politisk semje om å slå seg saman med Roan og det blir difor ikkje halde ei eiga folkeavstemning der.

Rindal til Trøndelag

I dag er det også siste dag for folkerøystinga i Rindal i Møre og Romsdal. I tillegg til «null-alternativet» som det heiter viss ingen ting blir endra, har kommunen to alternativ til samanslåing.

  • Surnadal og Halsa
  • Agdenes, Meldal, Orkdal, Skaun og Snillfjord

Ifølge Kommunal Rapport er status så langt i kommunereformen at 18 kommunar har vedtatt samanslåing, 256 er einige om ein intensjonsavtale, 28 drøfter eller har vedtatt å drøfte, 49 er i gang med utgreiingar eller sonderer og 77 har avsluttet prosessen og vedtatt å halde fram som eigen kommune.