Orkland: To nye koronasmitta

Orkland kommune opplyser at mannen i 30-åra som testa positivt på hurtigtest tysdag, har fått bekrefta koronasmitte gjennom ein vanleg test. Ingen fleire personar må i karantene, utover dei 20 som hamna i karantene tysdag. I tillegg fekk kommunen i går opplyst at ein person har fått påvist koronasmitte, som er knytt til pinseutbrotet i kommunen. Personen hadde fått første vaksinedose. Kommunen ventar no på 40 prøvesvar frå i går.