Orkland: Lettare skadd etter ulukke

Det var to personar involverte i trafikkulukka i Orkland. Ein mann i slutten av 70-åra og ei dame i midten av 20-åra. Begge framstår som lettare skadd. Éin person får ein helsesjekk hos sjukehuset i Orkanger, opplyser operasjonsleiar Anlaug Oseid i Trøndelag politidistrikt til NRK. Trafikken går som normalt på staden.