Hopp til innhold

Orkla-laksen trua

Meldal kommune meiner gruveforureining truar bestanden. Vil koste 400 millionar å rydde opp.

Laks
Foto: Karl Inge Jensen

- Straumen ned til elva frå vil føre til laksedød og at laksen ikkje kan gyte, om det verste skulle hende, seier Ole Smedplass i Meldal kommune.

Store summar

Ein ny rapport seier at oppryddinga etter gruveforureininga på Løkken kjem til å koste opp mot 400 millionar kroner. Det skriv avisa Sør-Trøndelag. Statens forureiningstilsyn meiner dette kan verte den mest kompliserte gruveoppryddinga Noreg har hatt.

- Det vil utsleppet vil renne frå kraftverket inn i turbinane. Og det går jo ut igjen i elva, seier Smedplass.

Optimist

Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet Arne L. Haugen har vore ordførar i Meldal i mange år, og har arbeidd med denne problemstillinga i over 20 år. Og no er han optimist.

- Det må kome ei løysning ganske raskt no. Etter at departementet tok dette på alvor og sendte eit klart oppdrag til vegvesenet trur eg at alle ser at vi må finne løysingar. Dette er komplisert, så må all kunnskap som finnast utnyttast for å finne gode løysingar. Eg føler jobben no går greitt framover, seier Haugen.