NRK Meny
Normal

Ordførarar vil skyte fleire bjørnar

Åtte ordførarar går saman for å få lov å felle fleire skadebjørnar.

Bjørn spiser sau i Susendal i Nordland. Brunbjørn
Foto: Einar O. Båfjelldal / NRK

Tidlegare denne veka bestemte Direktoratet for naturforvaltning at det skal fellast ein bjørn i Sør-Trøndelag.

– Det er heilt meiningslaust. Vi skjønnar at det skal vere ei rovdyrstamme, men det skal ikkje vere så mange bjørnar i området her, seier ordførar i Selbu, Inga Balstad, til NRK Trøndelag.

Gjennom hårtestar og DNA-prøvar er det stadfesta at det finst fire bjørnar i områda rundt Selbu.

– Det er no snart på tide at direktoratet begynner å tru på kjentfolk seier i denne saka, seier Balstad.

Les også: Tre bjørner i Klæbu og Selbu

Felles ordførar-kamp

Balstad har no sett seg lei på at bjørnar kvar sommar tek livet av mange sauer i kommunen.

Saman med kollegaer i Klæbu, Tydal, Røros, Rennebu, Holtålen og Midtre Gauldal vil ho freiste å få gjort om vedtaktet til direktoratet om å berre felle ein bjørn i fylket.

Ordførarane meiner at minst tre bjørnar må skytast.

– Når det forsvinn mellom 30-50 dyr frå ein saueeigar, er det alvorleg. Sauenæringa står i fare for å bli lagt ned, og det gjeld ikkje berre i Selbu, men også grenseområda som er like hardt råka, seier Balstad.

Direktoratet usamd

Direktoratet baserer vedtaket sitt på at bestandsmåla i Midt-Noreg, på fire bjørneynglingar kvart år, ikkje er nådd.

Likevel meiner dei at det ikkje set sauenæring i fare å felle ein bjørn i Sør-Trøndelag og ein i Nord-Trøndelag.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
F-35 flyr over Ørland hovedflystasjon
I Storlidalen i Oppdal er de allerede i gang med å lage skiløyper.