Ordførar ut mot Sian-demonstrasjon

Trondheim-ordførar Rita Ottervik (Ap) oppfordrar byen sine innbyggjarar om å halde seg vekke frå Torvet mellom kl. 13 og 15 i dag, då organisasjonen «Stopp islamiseringen av Norge» (Sian) har planlagt å halde demonstrasjon der. Ordføraren seier til NRK at ho synest det organisasjonen held på med både er usmakeleg og uverdig. Ho håpar folk vender ryggen til dei, og heller blir med på AUF og LO sin motdemonstrasjon i Tordenskioldsparken.

Rita Ottervik
Foto: Linda Bjørgan / NRK