Hopp til innhold

Opptur for byggebransjen

Byggebransjen har fått ein oppsving og det blir på ny bygd hus.

Illustrasjon, husbygging
Foto: Rune A. Hansen / NRK

Etter ein haust og vinter med få oppdrag og mange permitteringar har rentenedgang og finanspakker ført til at det igjen blir bygd hus.

Det er full aktivitet igjen hos husleverandøren Norgeshus i Melhus. For drøyt fire månader sidan måtte verksemda permittere ni av tretti tilsette, det kom ikkje inn nokon oppdrag og finanskrisa såg ut til å kunne ta eit kvelartak på byggebransjen.

- I november og desember i fjor måtte vi seie opp ni av våre tilsette. Det er det verste vi har vore gjennom nokon gong. Første kvartal i år har vi faktisk hatt fleire oppdrag enn vi hadde på same tid i fjor, så no har vi tatt inn igjen alle dei permitterte og oppsagte, seier marknadssjef i Norgeshus Benn Båtvik til NRK Trøndelag.

Botnen er nådd

384 var permittert i byggebransjen i Sør-Trøndelag då dei forrige tala over arbeidslause frå NAV blei offentleggjort. Onsdag kom det nye tal og mykje tyder på at fleire er tilbake i jobb.

- Vi ser at mange utbyggarar har presentert konkrete planar for nybygg dei neste to åra. Det betyr at det igjen blir ein del å gjere i byggenæringa, seier organisasjonsrådgivar i Fellesforbundet i Sør-Trøndelag, Jan Tore Martinsen.

Han legg til at tala no har stabilisert seg og at det ikkje vil gå mykje meir nedover.

- I løpet av dei tre-fire siste åra har det vore ein kunstig høg byggeaktivitet, men eg trur vi kan nå eit normalt høgt og stabilt nivå i løpet av første og andre kvartal 2010, seier Martinsen.

Ein gledens dag

Marknadssjef i Norgeshus trudde ikkje pila skulle snu så raskt då han permitterte fleire av sine tilsette før nyttår.

Verksemda permitterte utfrå eit langtids perspektiv, men med dagens tilfang av ordrar frå heile landet, treng han også nye tilsette.

- No søkjer vi etter ingeniør og arkitektar som kan ta prosjektleiaransvar, seier Benn Båtvik.

Han legg at det er bygginga av hus og hytter som har tatt seg opp igjen.

- Vi ser at det tek litt lenger tid før folk bestemmer seg, men det verkar som det er i ferd med å løysne no.