Hopp til innhold

Oppdal stengjer ned: Treningssenter, kino og skisenter må vere stengt i ei veke

To nye personar vart i dag registrerte smitta av covid-19 i Oppdal. No stengjer kommunen ned fleire verksemder for å få kontroll på smitten.

Slik ser det ut i Vangslia, alpinanlegget på Oppdal. Påskeutfarten pleier å være stor i Oppdal. Folketallet økes betydelig fra 7000 til mellom 15. og 20.000 personer hver påske. Nå blir det en annerledes påske i fjellkommunen.

Vangslia alpinanlegg i Oppdal er blant verksemdene som må stenge i ei veke. Bildet er tatt i påska i fjor.

Foto: Martin Innerdal Dalen / NRK

Oppdal kommune stengjer no ned fleire tilbod og verksemder for å få kontroll over smitten i kommunen.

– Den siste veka har vi fått stadig meir smitte inn i kommunen vår som vi ikkje kan forklare kor kjem ifrå, seier ordførar Geir Arild Espnes til NRK.

Tiltaka vil i første omgang vare i ei veke, frå og med onsdag, står det i pressemeldinga.

– Kva skal til for at de ikkje forlengjer desse tiltaka om ei veke?

– Vi bør kome i ein fase der vi ikkje får fleire positive prøvar. Om vi får fleire positive prøver bør vi vite kor smitten kjem frå. Personar med ukjent smitteveg er problematisk, sidan det då finst personar med korona her, som vi ikkje veit kven er, svarar Espnes.

Ordføraren fortel at dei har testa rundt 200 personar dagleg dei siste dagane.

Kommunen meldte sjølv om tiltaka i ei pressemelding. Du kan lese detaljert informasjon om tiltaka her.

To nye personar vart i dag registrert smitta av covid-19 i kommunen. Ein av dei har ukjent smitteveg.

Ordfører i Oppdal Geir Arild Espnes (Sp)

Ordførar i Oppdal Geir Arild Espnes

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Stengjer skisenter og kino

Førre veke vart sju personar registrerte smitta i Oppdal. Alle er smitta av den britiske virusmutasjonen. Fleire nærkontaktar av dei smitta vart då sette i karantene.

No blir mellom anna skisenter, treningssenter, kino og bingohallar stengt, skriv kommunen i pressemeldinga. Kommunen innfører òg skjenkestopp.

Tidlegare i dag innførte kommunen munnbindpåbod innandørs fleire stader, som i butikkar, kyrkjer og om bord i kollektivtransport.

Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.

Måndag vart det registrert null nye smitta i kommunen.

Kommuneoverlegen kom fram til avgjerda om å innføre strengare smitteverntiltak etter å ha vore i dialog med Statsforvaltar, fylkeslege og FHI, står det i pressemeldinga.

Les og: Hyttekommunar ser ingen grunn til å avlyse påska for byfolk

Håper framleis på tilnærma normal påske

Innbyggjartalet i Oppdal vert tredobla når det er påske. Inntektene frå hytteeigarane er viktig for fleire verksemder i kommunen.

Ordføraren håper framleis på ei tilnærma normal påske.

– Vi håper vi kan sleppe opp på tiltaka fram mot påska slik at den vert meir normal enn i fjor, seier Espnes.

Forstår kvifor dei må stengje no

Det håper også leiar i Oppdal skisenter, Arnulf Erdal. Må skisenteret halde stengt i påska vil dei tape rundt 30 prosent av det dei tener på eit år, fortel han.

– Utifrå smittesituasjonen forstår eg kvifor kommunelegen vel å stengje oss no. Det er betre at stenginga kjem i dag enn om ei veke, så klarer vi kanskje å få kontroll på situasjonen før påske, seier Erdal.

Arnulf Erdal

Leiar i Oppdal skisenter, Arnulf Erdal.

Foto: Torjus Kleiven Kandal / NRK