NRK Meny
Normal

Opnar vegen etter kvikkleireskred

Undersøkingar visar at det ikkje er teikn til vidare utgliding i skredområdet i Ogndal i Steinkjer, og fylkesveg 762, som har vore stengt, er no opna for kontrollert ferdsel.

Se dronebildene fra skredet i Ogndalen i Steinkjer.

NRK Luftfoto/Tariq Alisubh: Sjå skredområdet i Ogndal frå lufta

Det melder Statens vegvesen klokka 16 onsdag ettermiddag.

Skredet gjekk tysdag ettermiddag, tre og jordmassar rasa ut i elva Ogna.

Ingen vart skadd, men bebuarane på Overrein-gardane vart evakuerte fram til området var undersøkt.

Vegen vart stengt ved Overrein, og fleire hundre personar vart isolerte. Statens vegvesen har no gjennomført synfaring, grunnboring og registrering av området. Det er kvikkleire i området, men ikkje teikn til vidare utgliding.

Vegen går eit stykke unna rasområdet, og vegvesenet har vurdert det slik at vegen kan vere open for kontrollert ferdsel så lenge det er dagslys, det vil seie fram til klokka 19.

Det vil vere opent for trafikk alle dagar mellom klokka 06 og 19 framover.

All trafikk må kjøre etter ein følgebil som kommuniserer direkte med mannskap på staden. Slik vil det vere i minst ei veke, opplyser vegvesenet.

Steinkjer kommune oppdaterer nettsidene sine kontinuerleg.