Opnar nytt radionett i Trondheim

Trondheim får no eit nytt lokalt radionett – på DAB. Det betyr at det blir fleire radiokanaler å velje mellom for alle i og rundt Trondheim.

Setter i gang dab-prøvenett

Glade for å sette lokalt dab-radionett i drift i Trondheim: Frå venstre: Tor Sørgjerd, regionleiar i Norkring, Martin Hovda Haugsand i Radio Revolt og Ole Jørgen Torvmark, dagleg leiar i Digitalradio Norge.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Fredag vart det nye DAB-radionettet sett i prøvedrift, til stor glede for radioentusiastar i byen.

Radio Revolt sender døgnet rundt

Ein av dei som går over på DAB (digital audio broadcast) er studentradioen Radio Revolt.

Dei skal sende heile døgnet.

– Dette betyr utruleg mykje for oss, seier Martin Hovda Haugsand, leiar i eterkomiteen i Radio Revolt.

– Vi har sendt 24/7 før, men no, etter fleire år, er vi endeleg tilbake med sending døgnet rundt, heile veka, seier han.

Radio Revolt vil lage god radio for hele Trondheim og alle byens studenter på det nye radionettet.

Stor entusiasme for det nye radionettet i studentradioen Radio Revolt.

Opnar for fleire lyttarar

Dei som står bak Radio Revolt opplever no eit stort engasjement for å lage god radio for både studentane og resten av befolkninga i Trondheim. Dei ser lyst på framtida, sjølv med konkurranse frå andre lokalradioar.

Haugsand trur at å sende på DAB-nettet vil opne for fleire lyttarar.

– Eg håpar at dette gjer det muleg for ein større del av befolkninga i Trondheim til å ta del i og nyte alt det gode materialet som vi produserer på radio, seier han.

Sendaren ligg i Tyholttårnet i Trondheim, det er òg ein sendar på Melhus. Det nye sendenettet har opptil 20 kanalplassar, og eit nett for distribusjon av radiosendingar vil gjere det enklare å etablere nye kanalar.