NRK Meny
Normal

Opna lab for kunstig intelligens på NTNU

Ei teknologisk utfordring. Eit digitalt kappløp. Ein industriell revolusjon. I dag opna ein lab for å utvikle kunstig intelligens.

Opna kunstig intelligens-lab på NTNU

Roboten Pepper ønsker Monica Mæland og alle gjestane velkommen.

Foto: Helene Solheim / NRK

– Det her er heilt avgjerande dersom Norge skal kunne heve seg i det digitale kappløpet som faktisk pågår. Det går i eit høgt tempo - og det treffer alle i næringslivet.

Næringsminister Monica Mæland er i dag på NTNU for å opne ein «artificial intelligence lab». Roboten Pepper går over golvet, og rekker henne ei saks. Ho takkar før ho snur seg mot forsamlinga, og klipper det raude bandet medan ho erklærer laben for opna.

Roboten Pepper

Roboten Pepper har med seg ei saks som næringsminister Monica Mæland bruker til å klippe det raude bandet.

Foto: Helene Solheim / NRK

– Dette er eit modig prosjekt som kjem til å verte historisk viktig, seier Mæland.

Kunstig intelligens er limet

AI-laben skal drive skal drive forsking innan kunstig intelligens og stordata, då dei vil sjå på korleis maskiner kan utvikle nye tenester ved å finne strukturar og skjult kunnskap i store datasett.

– Det her er heilt avgjerande dersom vi for eksempel skal ha førarlause bilar. Vi kan koble kjøleskapet vårt opp til butikken på hjørnet, så blir det automatisk levering. Medisinsk forsking kan revolusjonerast og behandling av pasientar kan effektiviserast, seier Sigve Brekke, konsernsjef i Telenor.

NTNU opna denne laben i samarbeid med Telenor og SINTEF, og Brekke gler seg stort til å komme i gong med arbeidet.

– Eg er heilt overbevist om at kunstig intelligens vil vere limet i den digitale utfordringa som heile samfunnet står ovanfor. Det er litt som då straumen revolusjonerte industriproduksjonen for 130 år sidan, seier Brekke engasjert.

Sigve Brekke, konsernsjef i Telenor

Konsernsjefen i Telenor, Sigve Brekke, meiner kunstig intelligens er avgjerande for mellom anna førarlause bilar.

Foto: Helene Solheim / NRK

Revolusjonerande, men skummelt

Både Brekke og Mæland fortel at mange ser på kunstig intelligens som den 4. industrielle revolusjonen. Næringsministeren seier vi står ovanfor ei omfattande utvikling som alle må ta omsyn til:

– Vi ser at maskinene kjem til å overta jobbar som vi menneske tidlegare har hatt. Samtidig er eg sikker på at nye jobbar vil bli skapt, og eg meiner at menneske framleis kjem til å vere vår viktigaste ressurs.

Mæland seier at kunstig intelligens er framtida, og masterstudent Kari Skjold er med på å utvikle den. Ho har vore med å skapt eit system kor ein kan fortelje kjøleskapet kva ein vil ete.

Kari Skjold, masterstudent på NTNU

Masterstudent Kari Skjold har utvikla eit system anbefaler matoppskrifter ut ifrå kva du vil ete, og kva du har i kjøleskapet.

Foto: Helene Solheim / NRK

– Du kan sei om du har allergiar, eller om du for eksempel vil ete sunt. Så reknar systemet vårt ut oppskrifter og forslag på ein brøkdel av tida vi sjølv ville brukt, forklarar Skjold.

Konsernsjef for SINTEF, Alexandra Bech Gjørv

Alexandra Gjørv, konsernsjef i SINTEF, synast det er skummelt men naudsynt med kunstig intelligens.

Foto: Helene Solheim / NRK

Ho synast det er spennande med all den nye teknologien, og slit med å sjå noko skummelt ved det heile. Konsernsjef i SINTEF, Alexandra Gjørv, derimot - innrømmer at det er aspekt med kunstig intelligens som skremmer ho:

– Det er skummelt fordi vi menneske er irrasjonelle vesen. Ein del av vår evne til å stå opp om morgonen og komme oss vidare er at vi ikkje veit alt om framtida. For meg er det for eksempel skummelt å få mykje meir kunnskap om min eigen helsesituasjon. Samtidig ser eg nytta av det, seier ho.

Ballongar utanfor NTNU då dei opna ny lab for å forske på kunstig intelligens.

Det var ballongar utanfor bygget på NTNU for å feire dagen idag.

Foto: Helene Solheim / NRK

Video fra Trøndelag

Midtnytt
F-35 flyr over Ørland hovedflystasjon
I Storlidalen i Oppdal er de allerede i gang med å lage skiløyper.