Hopp til innhold

Ønskjer tunnel Ila-Flakk

Framstegspartiet vil ha tunnel på strekninga mellom Ila og Flakk i Trondheim, etter fleire alvorlege ulykker dei siste åra.

Ras Trolla, 23.02.06
Foto: MMS / NRK

Den siste ulykka skjedde torsdag morgon, i førre veke. Då kolliderte ein lastebil og ein personbil, i samband med eit ras. Ein 28-år gamal mann blei alvorleg skadd i ulykka.

No vil Framstegspartiet i Trondheim at heile strekninga skal leggast i tunnel for å hindre at fleire personar skal bli skadd.

- Vi kan ikkje leve med ein situasjon der denne strekning er livsfarleg. Dette er ein av dei viktigaste innfartsårene til Trondheim. Vi bør ha alle mulegheiter opne og starte kartlegging av om strekninga kan leggast i tunnel, seier Kristian Dahlberg Hauge til NRK Trøndelag.  

Rasfaren skal kartleggast

Etter trafikkulykka førre veke lovde vegvesenet at rasfaren på heile strekninga frå Flakk til Trondheim skal kartleggast.

- Geologar og fagfolk skal opp i fjellsida og kontrollere rasutsette områder, og vurdere kva som er farleg, og så vil dei komme opp med kva tiltak som må til for å sikre området betre, sa seksjonsleiar for veg og trafikk i Statens Vegvesen, Ivar Nervik, til NRK Trøndelag etter ulykka sist veke.  

Ifølgje Adresseavisen vil dette arbeidet starte først til våren.

Flytte ferjeleiet

Kristian Dahlberg Hauge seier det finst planar om å flytte ferjesambandet Flakk-Rørvik til Vanvikan-Brattøra.

- Vi må sjå desse planane saman med tunnelforslaget, og sjå om det er samfunnsmessig økonomisk lønsamt å legge strekninga Ila-Flakk i tunnel.