Hopp til innhold

Fekk nesten ein million til privat rovfuglforsking: No er han tiltalt for faunakriminalitet

I fleire tiår har han forska privat på rovfuglar og fått nær ein million kroner i offentleg støtte. No er han tiltalt for ulovleg ringmerking og faunakriminalitet ved rovfuglreir.

Tiltalt for ulovlig merking av fugler.

OPPDAGA VED HUBROREIR: Viltkamera tok bilete av tiltalte.

Foto: Miljødirektoratet

Tiltalen gjeld brot på naturmangfaldlova og viltlova. Reir med hubro, kongeørn, jaktfalk, vandrefalk og hønsehauk vart besøkt ulovleg av tiltalte frå 2017.

Han erkjenner alt han er tiltalt for, men nektar straffskuld. Han meiner han hadde rett til å oppsøke reir, og at han gjorde det på ein svært skånsam måte.

– Det er uhyggeleg urettferdig og vanvettig å sitte her som tiltalt, sa mannen då han møtte i retten denne veka.

Lappugle

SKADD LAPPUGLE: Tiltalte pleidde den lenge før den måtte avlivast. Han nekta å levere den frå seg fordi han ikkje fekk refundert dyrlegerekninga på 4000 kr.

Foto: Politiet

Fekk offentleg støtte i mange år

Tiltalte er i slutten av 70-åra. Han skreiv hovudfagsoppgåva si i biologi på kongeørn i 1985.

Den pensjonerte lektoren i naturfag har drive sitt private forskingsprosjekt i mange tiår. I Trøndelag og Innlandet har han ringmerka og samla råteegg og byttedyr. Tiltalte leverte prøver til Miljødirektoratet fram til 2003.

Ifølgje opplysningar som Foreningen Våre Rovdyr samla inn frå 1974 til 2004, fekk tiltalte nesten ein million kroner. Året etter vart det brått slutt på pengestøtta.

Tidsskriftet til foreininga publiserte i 2005 ein omfattande artikkel. Forfattar var zoolog Per Johan Tømmeraas. Han er ein av dei fremste ekspertane på rovfuglar i Noreg. Han kritiserte det meste av metodane og feltarbeidet til tiltalte:

«Den aggressive metodikken med gjentatte forstyrrelser av sårbare egg og dununger kan vanskelig forsvares. Flere biologiske påstander er så ekstreme at de savner sidestykke innen rovfuglforskningen».

Tømmeraas påpeika også at den omstridde rovfuglforskaren aldri har publisert ein einaste artikkel i fagtidsskrift om forskinga si.

Artikkelen til Tømmeraas hadde eitt mål, meinte tiltalte:

«Å undergrave min troverdighet og mitt rykte,» står det i svarartikkelen for femten år sidan.

Mista lisensen

Det er Miljødirektoratet (MD) som gir lisens til dei som skal ringmerke. Ringane blir sende ut av Ringmerkingssentralen som også får rapportane. Krava til å rapportere kvar reira er har blitt strengare:

Reira skal merkast på kart ved hjelp av GPS. Det fann tiltalte vanskeleg. Han var ikkje fortruleg med slik teknologi, forklarte han i retten.

Han ønska heller ikkje å sende inn nøyaktige data: Han frykta data kunne kome på avvege og hamne i hender hos til dømes reirplyndrarar. Mangelfulle rapportar førte til at tiltalte i 2010 mista lisensen til å ringmerke.

Fleire gonger fekk tiltalte skriftleg beskjed om å sende inn ringmerka, men heldt fram med verksemda.

Hubro unge

PÅ REIRET: Hubroungen fanga på viltkamera medan den var i live.

Foto: Miljødirektoratet

Så seint som i sommar, eitt år etter at etterforskinga starta, ringmerka han hubroungar.

Då politiet ransaka heimen hans i fjor, tok dei med ein del ringmerker. Politiet var mest interessert i det han hadde i fryseboksen, ifølgje tiltalte.

Fann egg, nedfrosen hubrounge og lappugle

Ved eitt av reirbesøka i 2020, tok tiltalte med ein hubrounge som hadde døydd i reiret. Den fann politiet i fryseboksen hans.

Tiltalte forklarte at han leverte til Veterinærinstituttet for analyse av miljøgifter.

Bilde av en hubrounge

HUBROUNGE: Politiet fann ugla i frysaren til tiltalte. Han tok den død frå reiret og seier han skulle levere den til forsking.

Foto: Politiet

Ei lappugle vart også funnen i fryseboksen. Fuglen hadde tiltalte pleia lenge etter at den vart skadd i 2019. Så vart den så dårleg at den måtte avlivast. Tiltalte søkte om å få behalde den for utstopping, men fekk avslag.

30 egg, frå mellom anna hubro og kongeørn, låg i ei eske. Det er ikkje tillate å ha verken egg eller rovfuglar privat eige, utan nærare avtale med Miljødirektoratet.

Tiltalte meiner at han har rett, fordi han aldri har fått skriftleg beskjed om at prosjektet hans er avslutta.

Ugleegg

ULOVLEG EGGSAMLING: Egg som rotna på reiret før dei var klekka leverte tiltalte til forsking og fekk dei tilbake etterpå. Men han registrerte dei ikkje slik lova krev.

Foto: Politiet

Dekte til viltkamera for å ikkje bli «overvaka»

Statens naturoppsyn har viltkamera på mange stader der det er reir med kongeørn og hubro. Hubro er sterkt truga, og blir nøye overvaka.

Tiltalte vart fanga opp på fleire av turane sine. Han meiner dette var brot på lova om personvern. Derfor dekte han til viltkamera mens han var der.

Datatilsynet opplyser til NRK at personvernlova ikkje gjeld for viltkamera.

Ved eitt tilfelle i 2017 viser opptaket at tiltalte oppheld seg i ein time og 17 minutt i reirområdet.

– Ringmerking og folk ved reiret fører til stress på fuglane. Dei som har løyve er svært merksame på dette. Derfor skal opphald vere kortast mogleg. Vi snakkar om minutt.

Det sa seniorrådgjevar i Miljødirektoratet, Georg Bangjord, som vitna i retten fredag.

På kamera har tiltalte med seg også ein plastpose. Bangjord meiner den inneheld ulovleg samla byttedyr og fjør frå reira. Tiltalte avviste dette. Han sa at posen inneheldt sjal, ringmerkingsutstyr og matpakke, og derfor verka ganske «full».

Aktor: – Tiltalte snur saka på hovudet

– Vi har ingen haldepunkt for at han har hatt økonomisk interesse slik det ofte er i faunakriminalitet, sa aktor, påtaleadvokat Amund Sand, i prosedyren.

Men tiltalte burde ha forstått at han ikkje lenger hadde løyve til å ringmerke fuglar, og at eggsamlinga hans var ulovleg, påpeika aktor.

Tiltalte har halde plasseringar av reir hemmeleg for forvaltninga ved å ikkje følgje reglane for korrekt rapportering med GPS.

Aktor meiner tiltalte skal dømast til 120 dagars fengsel. Straffa slepp han å sone dersom han ikkje gjer noko straffbart dei neste to åra. Dessutan bør han få ei bot på 10.000 kroner, sa aktor.

Forsvarar: – Tiltalte gjorde alt det beste for fuglane

Forsvarar Tore Angen bad om full frifinning.

– Tiltalte er ein dyreven som har handla i god tru.

Han lista opp fleire forhold som han meiner må kome tiltalte til gode:

Usikkerheit om fuglane har lidd overlast ved reirbesøk og merking. Korrekte rapportar gjennom mange år. Ingen bevis på økonomisk vinning av eggsamlinga. Har erkjent alt og samarbeidd under etterforskinga.

– Årsaka til at dette vart ei sak for retten er at eg har drive for meg sjølv. Mange har vore misunnelege på pengane eg har fått. Derfor slutta eg å søke støtte for mange år sidan. I forskingsmiljøet er det mange spisse olbogar, sa tiltalte i Trøndelag tingrett.