Hopp til innhold

Forfølgde ekskona: Dømt til omfattande opphaldsforbod med alarm

I over eit år forfølgde han og truga ekskona. No er han dømt til det strengaste kontaktforbodet så langt her i landet.

FORBODSSONE: Mannen si forbodssone strekkjer seg frå grensa til Levanger kommune i nord, Orkdal i vest, Støren i sør og Selbu i aust. Forbodssona er på om lag 280 kvadratkilometer.

Artikkelen er oppdatert med kommentar fra forsvarer.

Mannen i 40-åra sende over 2200 tekstmeldingar til den tidlegare ektefellen. Det skjedde også i perioden då han hadde besøksforbod.

I Sør-Trøndelag tingrett vart mannen i 40-åra nyleg dømd til to år og seks månaders fengsel. I tillegg har han ikkje lov å kontakte ekskona i fem år. I tre av desse blir han også underlagt elektronisk kontroll, såkalla omvendt valdsalarm.

Forbodssone på 280 kvadratkilometer

Området strekkjer seg frå grensa til Levanger kommune i nord, Orkdal i vest, Støren i sør og Selbu i aust. Forbodssona er på om lag 280 kvadratkilometer. Dermed skal politiet kunne nå fram til fornærma innan 30 minutt dersom eksmannen kjem innanfor området.

Borgarting lagmannsrett dømde i 2017 ein mann til fire års kontaktforbod og eit år elektronisk kontroll i delar av Østfold og Akershus.

Det er paragraf 57 i straffelova som opnar for kontaktforbod med elektronisk kontroll

Kor stor ei forbodssone skal vere, gir ikkje forarbeida til lova noka rettleiing om. For tiltalte vil domen ramme hardt med omsyn til kontakt med familie. Men Sør-Trøndelag tingrett meiner omsynet til den fornærma må vege tyngst.

Trondheim tinghus

DØMD: I Sør-Trøndelag tingrett vart mannen i 40-åra nyleg dømd til to år og seks månaders fengsel. I tillegg har han ikkje lov å kontakte ekskona i fem år. I tre av desse blir han også underlagt elektronisk kontroll.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

«Psykisk terror» og «massiv elektronisk kommunikasjon»

Konflikten mellom tiltalte og den fornærma starta då kvinna ville skilje seg. Etter at tiltalte flytta ut i 2018 braut han besøksforbod fleire gonger.

I tillegg til mange episodar der tiltalte oppsøkte den tidlegare kona og følgde etter henne, er det den elektroniske kontakten som pregar den lange tiltalen.

Ei rekkje av dei 2262 SMS-meldingane han sende i løpet av eit drygt år hadde eit trugande innhald, ifølgje domen.

Tiltalt:om du truer eller handler mere mot politiet,advokater eller noen form for de drit folka du driver å styrer med, så må jeg nesten gjøre noen tiltak tilbake, å det blir ikke kult»

Han kontakta henne også gjennom 60 facebook-meldingar og 70 e-postar. Dessutan sende han meldingar via borna og mora til ekskona.

Tingretten skriv i domen at kvinna vart utsett for «psykisk terror» og «massiv elektronisk kommunikasjon» som har «medført altoverskyggande frykt» hos fornærma.

Avviste stalking

Tiltalte sa seg i retten skuldig i fleire av tiltalepunkta Men han nekta for at det han dreiv med var alvorleg personforfølgjing. For han var det samværet med dei felles barna forutan krangel om økonomisk oppgjer som var saka.

Retten trur berre delvis på dette: Kontakten med ekskona var langt over det ein kan forvente som «en normal frustrasjon etter et samlivsbrudd» heiter det i domen.

Retten er overtydd om at tiltalte ville ha kontakt med henne eller kontrollere kva ho gjorde til ei kvar tid.

Fersk lov, få domar

Mannen var tiltala etter paragraf 266 a i straffelova som vart endra i 2016.

Den som gjentatte ganger truer, følger etter, iakttar, kontakter eller gjennom andre sammenlignbare handlinger forfølger en annen på en måte som er egnet til å fremkalle frykt eller engstelse, straffes med fengsel inntil 4 år.

Dette kallast «stalking», det vil seie uønskt kontakt, elektronisk eller ved fysisk tilnærming. For at nokon kan straffast, må forfølginga gå føre seg over ei viss tid. Også strafferamma vart endra, frå to til inntil fire års fengsel.

Blir anka

Sør-Trøndelag tingrett meinte to og eit halvt års fengsel var passande straff i denne saka.

Den omfattande forbodssona i tre år betyr at tiltalte må møte barna sina utanom området. Sør-Trøndelag tingrett meiner dette ikkje er i strid med lover om at barn skal bli høyrde.

Forsvarar Anne Marstrander-Berg opplyser at domen blir anka:

– Vi meiner den er altfor streng. Det er heller ikkje grunnlag for elektronisk kontaktforbod, skriv forsvararen i ein e-post til NRK måndag ettermiddag.