NRK Meny
Normal

Olavfestdagene med underskot

Olavfestdagane i Trondheim gjekk med 1,8 millionar kroner i underskot i fjor. All eigenkaptial er brukt opp.

Per Kvistad Uddu

Olavfestdagene har brukt opp all eigenkapital, og er no avhengig av godt besøk fortel direktør Per Kvistad Uddu.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Det var Placido Domingo-konserten på Torget som førte til dei raude tala.

Direktør Per Kvistad Uddu seier til Adresseavisen at situasjonen ikkje er dramatisk, men at festivalen er avhengig godt billetsal i år for å klare seg.

Olavfestdagene er Norge sin største kyrkje- og kulturfestival. I år varar den frå 26. juli til 5. august.

Trass raude tal i år så kan det likevel sjå lyst ut for festivalen. Kultur. og kyrkjeminister Trond Giske har lova meir statleg støtte, om dei leverar bra innhald.

 

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Det er julebordstid, og uhell kan skje, skal vi tro tannlegene...
Fra 1. januar får du nyheter klokka 18:55, 20:55 og 22:55.