Hopp til innhold

Ola og Astrid vann sprinten

Ola Vigen Hattestad og Astrid Uhrenholdt Jacobsen var suverene i alle heata og vann NM-sprintane i Granåsen.

Astrid Uhrenholdt Jacobsen
Foto: Jeff McIntosh / AP

 - Eg måtte neste følgje opp, sidan eg har tatt medaljar dei tre siste åra. Eg har ikkje følt meg heilt pigg etter kvartfinalen, men sprinteigenskapane har alltid vore der, så det er bra. Eg har hatt veldig bra ski i dag, seier Jacobsen.

Gjekk på same ski

I finalen for mennene vann Ola Vigen Hattestad knapt framfor Eldar Rønning som var suveren i alle dei tidlegare heata i sprinten.

Han gjekk på same skipar som Astrid Uhrenholdt Jacobsen.

- Dette skiparet har to gull i dag, det er heilt rått. Eg hadde veldig god gli og tok igjen Eldar. Eg visste han var rask på oppløpet, så eg måtte berre ligge bak, seier Hattestad.

- Eg måtte prøve å gi alt frå starten av og det kosta mykje i dag. På oppløpet var han litt for sterk i dag, seier Rønning.

Resultatliste menn:

1. Ola Vigen Hattestad, Ørje IL
2. Eldar Rønning, Skogn IL
3. Børre Næss, Efteløt IL
4. Stein Vidar Thun, Klæbu IL
5. Han Petter Lykkja, Dalsguten IL
6. Jens Bjertnæs, Jevnaker Idrettsforening Ski

Resultatliste menn sprint Granåsen

Resultatliste kvinner:

1. Astrid Urenholdt Jacobsen, Heming IL
2. Kari Vikhagen Gjeitnes, Henning Skilag
3. Ingri Aunet Tyldum, Overhalla IL
4. Celine Brun-Lie, Njård
5. Agnetha Åsheim, Tromsø Skiklubb Langrenn 
6. Sigrid J. Aas, Tverrelvdalen IL

Resultatliste kvinner sprint Granåsen