Hopp til innhold

By Rise: – Viktig å snakke om det vanskelege

– Av alle dei uviktige tinga i verda, er fotball den viktigaste, seier Ola By Rise med glimt i auget. Han fortel om oppturar og nedturar på og utanfor grasmatta i sjølvbiografien sin.

Ola By Rise

Ola By Rise har skrive sin eigen biografi, der tek han for seg hendingar i fotballkarrieren og livet ellers.

Foto: NRK

Ola By Rise (54), tidlegare Rosenborg-målvakt og landslagstrenar i fotball, har kome med sjølvbiografien «Ballens bane».

I boka fortel By Rise om livet sitt i norsk fotball i fire tiår. Han kjem òg inn på personar og hendingar som har prega han.

– Ærleg og oppriktig

– I skrivinga kom eg til eit punkt der det var naturleg å ta med Knut Torbjørn Eggen, som var ein god venn av meg, og broren min, som døde da eg var ganske ung.

Eggen døde i 2012, og Olas bror Sverre gjekk bort i 1982. Begge valde å ta sitt eige liv.

– Sjølvmord er så tabubelagt, og det er nettopp derfor eg forsøker å ta det fram. Eg prøver å gjere det på ein måte som både er verdig og sett inn i ein samanheng. Samtidig vil eg vere direkte og ærleg, for eg trur det er viktig å behandle dette temaet ærleg og oppriktig, seier Ola By Rise.


Han trur at synet på sjølvmord har endra seg veldig på dei tiåra som har gått sidan broren døde.

– Framleis er det viktig at vi klarer å snakke om dei vanskelege tinga. Det er ofte sjukdom og andre vanskar som ligg bak, og det er ikkje meir skamfullt å ha ein slik sjukdom enn det er å ha kreft eller få eit hjarteinfarkt, til dømes.

Ola By Rise var 22 år da broren tok livet sitt. Broren Sverre vart berre 19 år.

– Kva har desse opplevingane gjort med deg?

– Det er frykteleg trist når det skjer, men det gir eit perspektiv. Ein lærer seg å sette pris på livet. Vi skal ta vare på kvarandre, og ikkje heile tida streve etter dei små, små marginane. Det kan vi gjere på fotballbanen, men utanfor banen skal vi huske at livet er forgjengeleg, seier Ola By Rise.

(artikkelen held fram under bildet)

Rosenborg 1990

Ola By Rise hadde eit nært forhold til Knut Torbjørn Eggen. Dei var like gamle og starta i Rosenborg omtrent samtidig. Her i 1990, bakerst frå venstre: Ola By Rise, Karl Petter Løken, Trond Henriksen, Trond Sollied, Knut Torbjørn Eggen, Sverre Brandhaug. Fremst: Øivind Husby, Ørjan Berg, Mini Jacobsen, Kåre Ingebrigtsen og Gøran Sørloth.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Fekk sparken frå landslaget

Ola By Rise og Egil Olsen

Ola By Rise og Egil Olsen frå tida da dei trena landslaget.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

By Rise står ofte fram som ein beherska og roleg person, men mange vil huske da han ikkje greidde å skjule kor skuffa han var etter cupfinaletapet i 1991, og ikkje makta å gå opp til kongen og ta imot sølvmedaljen.

Skuffa vart han òg da han fekk sparken som landslagstrenar i 2013.

Han var assistenttrenar for det norske herrelandslaget frå 2006, med Åge Hareide og så Egil «Drillo» Olsen som hovudtrenar. Men da Drillo vart erstatta med Per-Mathias Høgmo i 2013, fekk heller ikkje Ola By Rise fortsette.

Debatten raste etter at trenarduoen vart vraka.

– Min person var ikkje så viktig oppi det heile, men eg syns i grunnen at Drillo vart dårleg behandla. Også fysioterapeut Roar Robinson fekk beskjed om at han måtte slutte med oss. Han hadde vore i støtteapparatet i 309 landskampar, men vart bytta ut fordi leiinga ville ha noko nytt, seier By Rise.

Kritisk til prosessen

Han er òg kritisk til prosessen rundt avgjerda. Det gjekk eitt og eit halvt døgn før han sjølv fekk beskjed om kva som var bestemt.

– Da fekk eg ein telefon, det var jo greitt, men det hadde vore betre å få beskjed straks. Eg kjende meg dum, for eg var jo ikkje i stand til å svare når media ringde.

Ringde du ikkje leiinga i fotballforbundet og spurte?

– Eg sende fleire tekstmeldingar, men fekk berre kryptiske svar. Så eg meiner eg har mitt på det tørre, seier han.

Han har full forståing for at fotballen treng utskifting og fornying.


– Ein ting er ei avgjerd, noko heilt anna er ein prosess. Ansvaret for at desse prosessane vart dårlege, ligg hos leiinga i fotballforbundet, meiner By Rise.

I dag meiner han at han har eit ryddig forhold til toppleiinga i forbundet.

– Eg prøver å skilje sak og person, og som menneskje er dei heilt ålreite. Men dei bør stå for avgjerdene sine i etterkant. Det er ingen tvil om at Drillo og eg fekk sparken, seier han.

NRK TV - Dagsrevyen - 30.09.2014