Hopp til innhold

Okse sporlaust forsvunnen i Steinkjer

Bonde Espen Hatlinghus hadde berre hatt oksen i eitt døgn før han forsvann.

Espen Hatlinghus

MANN UTAN OKSE: Espen Hatlinghus har mista oksen sin etter berre eitt døgn. Det er ingen spor etter oksen.

Foto: Solvår Flatås / NRK

– Eg har eigentleg ingen tru at på oksen er teken. Det er ikkje nokon som har bruk for ein slik okse, meiner bonde og okseeigar Espen Hatlinghus.

Politiet fekk i ettermiddag melding om ein okse som var forsvunnen frå garden sin på Beitstad i Steinkjer.

– Eg har berre hatt oksen i eitt døgn, seier bonden fortvila.

Politiet har ikkje fått tips

– Vi hadde ein patrulje på staden, som gjorde undersøkingar og avhøyr med bonden. Det vart oppretta sak, fortel operasjonsleiar Ellen Maria Brende i Trøndelag politidistrikt.

Laster Twitter-innhold

Politiet etterlyste oksen på Twitter, men har så langt ikkje motteke tips i saka.

– Det er vanskeleg å seie kva retning oksen har teke. Det er litt spesielt at vi ikkje har funne fotspor utanfor garden, seier eigaren.

På garden sin på Beitstad har han også andre oksar, kyr og høner. Han fortel at andre dyr har stukke av før, men at det alltid har vore spor etter dei.

Tek i bruk drone i leitinga

Bonden har leita i heile dag. Både inne på garden og utanfor.

– Vi får berre fortsette med det, og så får vi sjå om vi finn han.

No ventar bonden på ein dronepilot, som skal fly med varmesøkjande kamera.

– Vi må vente til sola har forsvunne, og steinane er kalde. Vi hadde eit mislukka forsøk no i kveld, så det blir nok ikkje før i morgon, seier Hatlinghus.

Trur du oksen hadde heimlengsel, eller ville vekk herifrå?

– Det såg mildt sagt ut som han storkosa seg veldig med «damene» i fjøset i går kveld, så eg trur eigentleg ikkje at han har det så travelt.