Hopp til innhold

Okse ville ikkje slaktast – stakk av

Ein okse stakk av frå slakteriet på Røros torsdag ettermiddag.

Okse på rømmen på Røros

«BULLSHIT»: Frykta var at oksen var på veg til gågata på Røros, men han tok til venstre mot Trondheim i vegkrysset. Foto: Stig H.Morken

– Eg vart litt overraska. Eg køyrde seint og følgde med på kor oksen tok vegen, seier Stig H. Morken.

Morken hadde vore på jobb på Røros, ein halvtime unna heimbygda Ålen. På turen tilbake såg han «noko rart» ved jernbaneovergangen nær Røros skule.

Stig Morken

FILMA OKSEN: Stig H. Morken frå Ålen var på veg heim frå jobb då han fekk auge på oksen som vandra fritt rundt på Røros.

Foto: Privat

Han skjønte raskt at det var ein okse. Morken tok fram mobilen og fanga det heile på film.

– Det var eigentleg berre for moro skuld. Eg ville sende videoen til venner.

Morken bur på landsbygda og er godt vand med dyr. Men han har aldri sett dyr som forvillar seg inn i sentrum.

– Eg var ikkje redd, men eg var bekymra for at det var personar i nærleiken, fortel han.

– Oksen hadde bestemt seg for å stikke av

Oksen var eigentleg på veg til slakteriet, men han hadde tydelegvis heilt andre planar.

– Det var ein okse som hadde bestemt seg for å stikke av, seier Kjell Ove Oftedal, dagleg leiar ved Røros Slakteri.

Oksen nekta å gå ut av bilen då han kom til slakteriet. Dei tilsette ved slakteriet prøvde å lokke han med mjøl, men oksen ville ikkje flytte seg.

Oftedal fortel at det først og fremst er klemskadar ein er redd for i slike situasjonar.

– Vi prøvde å ta det pent og roleg. Våre tilsette har fått beskjed om å ikkje risikere eiga helse ved å gå inn og prøve å blokkere for oksen, seier han.

Kjell Ove Oftedal

MISTA KONTROLL: – Det var ein okse som hadde bestemt seg for å stikke av, seier Kjell Olav Oftedal ved Røros Slakteri.

Foto: Per Magne Moan / Nea Radio

– Oksen smette ut ei sidedør og tok seg ein liten Rørostur. Då hadde ikkje vi sjanse til å stoppe han.

Oftedal skunda seg å varsle politiet. Saman klarte dei å lokalisere oksen etter relativt kort tid.

– Vi rykte ut med ein nødslaktar og valde å avlive oksen ute i skogen. Det heile var udramatisk, seier han.

Bør ein ikkje ha kontroll på slike dyr? Det kunne vel blitt farleg?

– Normalt sett er desse dyra mindre farlege når dei får gå fritt ute, enn når dei står inne i tronge rom.

Redd for at oksen skulle på handletur

Frykta var at oksen skulle vandre fritt rundt i gågata på Røros, der det vanlegvis er svært mange turistar.

Røros

TURISTMAGNET: Gågata på Røros. Slakteriet frykta oksen hadde tenkt seg hit i dag.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK

Kva skal ein gjere dersom ein møter ein okse på rømmen?

– Ein okse på rømmen er i utgangspunktet ikkje oppteken av å gjere folk noko.

Oftedal fortel at folk bør vere rolege og varsle ein bonde i nærleiken. Ein må dessutan varsle politiet dersom det er i befolkningstette strøk.

– Dette skjer heldigvis ikkje så ofte, avsluttar han.