Hopp til innhold

Ville utsette milliardprosjekt – no snur regjeringa

Regjeringa fekk krass kritikk for utsettinga av gigantprosjektet Ocean Space Centre i Trondheim, men no held bygginga fram likevel. SV er forundra over snuoperasjonen.

Illustrasjonsbilde som viser et stort område i Trondheim. Skravert i grønt ser vi hvor det svære Ocean Space Center skal ligge.

HAVFORSKINGSSENTER: Ocean Space Centre – slik det er tenkt på Tyholt i Trondheim.

– No ser vi framover. Dette er ein viktig dag for regjeringa. Eg er fornøgd og optimistisk – med tanke på dei forhandlingane som no held på i Stortinget, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

Regjeringa føreslo 12. mai å utsette oppstarten av gigantprosjektet Ocean Space Centre i Trondheim. Bygginga vart utsett til seinast 2025. Dette sette sinna i kok hos fleire.

Andre pinsedag sende Arbeidarpartiet ut hasteinnkalling til pressekonferanse om milliardprosjektet på Tyholt i Trondheim.

Der kom beskjeden: Regjeringa har ombestemt seg.

No vil prosjektet halde fram som planlagt etter den opphavlege tidsplanen – med byggestart i år. Dette trass i at kostnadane aukar.

Ber om 230 millionar i år

Ocean Space Centre skal vere eit forskingssenter for havromsteknologi. Forslaget om å utsette gigantprosjektet kom på grunn av stor usikkerheit knytt til kostnadar ved bygging av det nye senteret.

– Vi har gått grundig gjennom dette prosjektet, og lytta til dei innspela vi har fått. Vi har teke mange grep for å sikre oss ei best mogleg og forsterka kostnadsstyring med dette prosjektet, seier Skjæran.

Opphavleg løyva Stortinget 500 millionar kroner til oppstart i år, då statsbudsjettet blei vedteke i desember.

Ministeren fortel at han måndag har sendt brev til finanskomiteen på Stortinget. Han ber dei no om å løyve 230 millionar til prosjektet i år. Det vil gjere det mogleg å realisere byggestart til hausten.

– Dette er eit prosjekt som er viktig for oss som nasjon. Det er viktig for regjeringa, og det betyr sjølvsagt ekstra mykje for Trondheim og Trøndelagsregionen.

Bjørnar Skjæran, fiskeriminister, Ap, på Tyholt i Trondheim, framfor gul bygning

SNUR: Bjørnar Skjæran (Ap) og regjeringa snur i avgjersla om å utsette Ocean Space Centre.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

– Veldig letta

– Vi er veldig glade for at statsråden no seier at regjeringa, og forhåpentlegvis også Stortinget, ynskjer å få i gang dette prosjektet som planlagt, seier NTNU-rektor Anne Borg.

Ho meiner dette er viktig for Noreg som havnasjon og industrinasjon, og for forskinga som skal føregå ved senteret.

– Eg er først og fremst veldig letta. Særleg på vegner av næringslivet og studentane, som er avhengige av dette, seier Vegard Johansen, administrerande direktør i Sintef Ocean.

Det er veldig gledeleg at regjeringa har lytta og snur. Ocean Space Centre skal bidra til den grøne omstillinga, og sikre Noreg sin posisjon som leiande havnasjon, skriv konstituert leiar i Akademikerne, Lise Lyngsnes Randeberg i ein e-post til NRK.

Rektor Anne Borg, NTNU

GLAD: NTNU-rektor Anne Borg er glad for at regjeringa ynskjer å halde fram med prosjektet som planlagt.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Ville utsette på grunn av kostnadsspørsmål

Kostnadsramma på prosjektet var først på 8,2 milliardar. I revidert nasjonalbudsjett føreslo regjeringa å redusere bevillinga til havforskingssenteret med 405 millionar kroner.

Kostnadsramma kan komme til å auke med 837 millionar, samanlikna med det som låg i budsjettet i haust.

– Eg vil understreke at det å ha god kostnadskontroll på dette prosjektet er viktig for regjeringa, seier Skjæran.

– Kan NTNU og Sintef no vere trygge på at det ikkje kjem fleire overraskingar frå regjeringa?

– Vi har fått sendt over ei foreløpig kuttliste frå Statsbygg (byggherre, journ. merk.) no. Dersom vi får overskridingar på prosjektet, vil det kunne komme overraskingar, seier han.

Han presiserer at det må vere slik dersom ein skal halde store, statlege prosjekt innanfor kostnadsramma.

– Slik situasjonen er i norsk økonomi no, er vi nøydde til å ta ned den offentlege pengebruken.

LES OGSÅ Utsettelse av gigantprosjekt setter sinnene i kok – frykter at dette betyr spikeren i kista

Illustrasjonsbilde som viser et stort område i Trondheim. Skravert i grønt ser vi hvor det svære Ocean Space Center skal ligge.

SV: – Svært forundra

Det reviderte nasjonalbudsjettet blir vedteke av Stortinget seinast 17. juni.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet er avhengige av SV for å få fleirtal under forhandlingane på Stortinget.

– Vi er svært forundra over at regjeringa føretar ein snuoperasjon utan at det er avklart med SV i forhandlingane om budsjettet som held på no, seier SV sin nestleiar, Torgeir Knag Fylkesnes til NRK.

Ein av dei som reagerte kraftig på nyheita om å utsette gigantprosjektet tidleg i mai, var fylkesordførar Tore O. Sandvik (Ap) i Trøndelag.

Saman med andre Ap-toppar i fylket, har han vore rasande på eiga regjering etter forslaget om utsetting.

No er han letta.

– Eg har forstått at regjeringa har gått inn og sett på tala. Eg er veldig glad for at ein har fått dei svara som gjer at prosjektet no kan halde fram, seier han til NRK.

– Å ta ned prosjektet midlertidig ville auke kostnadane med opp mot éin milliard. Eg er veldig glad for at gjennomgangen viser kva som er realiteten, og at prosjektet no held fram, legg fylkesordføraren til.

Bjørnar Skjæran og Tore O. Sandvik

PARTIKOLLEGAER: Fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) og fylkesordførar i Trøndelag, Tore O. Sandvik (Ap).

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

– Klok snuoperasjon

Forslaget om utsetting har også hausta kritikk frå organisasjonar som LO og NHO.

Abelia, NHO si foreining for kunnskaps- og teknologibedrifter, er veldig nøgde med dagens utfall:

Dette er ein gladnyheit for framtida sitt næringsliv, og ein klok snuoperasjon av regjeringa, seier administrerande direktør, Øystein Eriksen Søreide.

Ocean Space Centre er viktig for å løyse klimautfordringa. Det vil skape svært mange nye jobbar i havnæringa, og bli ein spydspiss i omstillinga av næringa både i Noreg og internasjonalt, legg han til.

LO-leiar Peggy Følsvik skriv følgjande på Facebook:

Ein god nyheit og klok avgjerd. (...) Ocean Space Centre får ei viktig rolle for regjeringa si store havvindsatsing, og sørger for å skape arbeidsplassar og kutte utslepp. Dette er ei satsing som gjer at Noreg kan ligge heilt i front på alle dei nye havnæringane, ved å vidareutvikle teknologien vi allereie har.

For ordens skuld: NRK Trøndelag held til på nabotomta til dagens marintekniske senter, der Ocean Space Centre er planlagt.