NRK Meny
Normal

Obduksjonsrapport: Utsett for kraftig vald

Den førebelse obduksjonsrapporten etter at ein litauisk mann døydde i Steinkjer i helga er klar. Den konkluderer med at mannen hadde kraniebrudd med hjerneblødning. Det opplyser Trond Peder Nilsen, som er forsvarar for den eine av dei sikta.

Stort presseoppbud i fengslingsmøte Steinkjer

Fengslingsmøta går føre seg tysdag, og dei sikta har fått vite kva den første obduksjonsrapporten seier. Her aktor Trude Skogen.

Foto: Kristin Haug-Smith / NRK

Dei som er sikta etter at ein litauisk mann på 44 år døde utanfor ei bustadblokk i Steinkjer sundag morgon, har no blitt presentert for resultatet av den første obduksjonen.

Det stadfester advokat Trond Peder Nilsen, som representerer ein av dei sikta i saka.

– Obduksjonsrapporten viser at det er snakk om kraniebrudd med hjerneblødning, seier Nilsen.

– Dødsårsaka er slag mot hodet, seier forsvararen for den sikta kvinna, Tore Welde. I tillegg seier han at det er rimeleg klart at mannen har falt, blitt puffa eller dytta ut frå verandaen.

Siktingane mot tre av dei fire som opphavleg var sikta, er no utvida og gjeld lekamsskading med døden til følge. Ein person er framleis sikta for vald eller medverknad til vald, og han er sett fri.

Politiet har bedt om varetektsfengsling av de tre andre, og desse fengslingsmøta går for seg tysdag.

Fengslingsmøtet mot den sikta kvinna, som eig bustaden som vart til ein åstad, gjekk først.

– Ho nektar straffskyld, opplyser forsvarar Tore Welde.

– Det gjeld begge punkta i siktinga, både falsk forklaring og lekamsskading med døden til følge, seier Welde.

Ho har inga meining om kva som har skjedd på verandaen, men det er rimeleg klart at mannen har falt, blitt puffa eller dytta utfor, seier Welde.

Dei som er sikta, har gitt til dels motstridande forklaringar. Det kan ha samanheng med at fleire av dei var overstadig rusa på alkohol, trur Welde.

Det er venta at tingretten vil bestemme om dei tre sikta skal varetektsfengslast ein gong etter klokka 16 tirsdag. Det skjer først når alle tre fengslingsmøta er ferdige.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Jens Kvernmo får fisk i forteltet sitt. Se serien på NRK1 tirsdager klokken 20.25