Hopp til innhold

Nyutdanna arkitektar teiknar i tradisjonell stil: – Kjedeleg opprør, seier kunstkritikar

For første gang på mange tiår vil arkitektstudentane teikne tradisjonelle bygg. Det kan vere starten på ei endring.

Arkitekter Jeppe Holter på NTNU

TRADISJONELL: Jeppe Holter er ein av tre arkitektstudentar som leverte diplomoppgåver i tradisjonell stil ved NTNU i vår.

Foto: Henning Levold / NRK

– Det vi bygger må sjå fint ut, det er jo eigentleg den einaste regelen, seier Jeppe Holter.

Bygget på teikninga han viser fram har søyler, ornament og er strengt symmetrisk – ulikt det meste arkitektar teiknar i 2024.

Holter er ein av tre arkitektstudentar ved NTNU som no har levert diplomoppgåver inspirert av tradisjonell arkitektur.

Dei trur sjølv dei kan vere starten på ei endring innan arkitekturen.

Arkitekte Jeppe Holter ved NTNU

Holter si diplomoppgåve er eit forslag til ny fiskemarknad i Ravnkloa i Trondheim.

Foto: Henning Levold / NRK

Les også Selger og kjøper strøm uten å belaste nettet

Powerhouse Brattøra dronebilde

– Estetikk og skjønnheit har nesten vore «fy-fy»

Arkitektur og spørsmål om kva som er pent har skapt debatt dei siste åra.

I sosiale medium har mellom anna Arkitekturopprøret skapt stort engasjement. Dei ønsker meir tradisjonell arkitektur og mindre av den moderne.

No vil også NTNU-studentane la seg inspirere av korleis ein bygde før i tida. Dei har tidlegare blitt omtalt i mellom anna Minerva.

– Vi har opparbeida oss kunnskap over 4000 år om korleis ein kan lage noko som er vakkert, seier Holter.

Han meiner moderne arkitektar har brote med dette og heller vil lage noko som er nytt enn vakkert.

– Det er rart ikkje å vidareføre denne kunnskapen, berre fordi han er frå ei anna tid.

Han får støtte frå Siri Frøystein, også ho leverte diplomoppgåve i tradisjonell stil.

Siri Frøystein, Jeppe Holter og Emil Vindvik

Siri Frøystein, Jeppe Holter og Emil Vindvik var dei einaste i eit kull på rundt 80 nye arkitektar som leverte oppgåver i tradisjonell stil

Foto: Henning Levold / NRK

– Eg føler kunnskap om fasadekomposisjon, fargar og estetikk har vore eit hol i utdanninga mi.

Ho meiner arkitektutdanninga legg vekt på heilt andre ting.

– Å snakke om estetikk og skjønnheit har nesten vore «fy-fy».

Likevel presiserer dei at tilbakemeldingane for det meste har vore gode, både frå medstudentar, lærarstaben og utanforståande.

– Ei avsporing

At studentane ser bakover til eldre stiluttrykk har derimot ikkje berre skapt begeistring.

– Eg skulle kanskje ønske at unge kreative og ambisiøse menneske ville fokusere litt annleis enn akkurat det.

Det seier Gisle Løkken, arkitekt og stipendiat ved NTNU.

– Eg tenker først og fremst at det er ei avsporing.

Jeppe Holter sin diplomoppgåve

Jeppe Holter teikna forslag til ny fiskemarknad i Ravnkloa i Trondheim.

Foto: Jeppe Holter
Jeppe Holter sitt forslag til Ravnkloa

Holter har teikna søyler og ornamentikk på sitt forslag.

Foto: Jeppe Holter
Emil Vindviks forslag til påbygg av Samfundet

Emil Vindvik si oppgåve var eit forslag til påbygg av Studentersamfundet i Trondheim.

Foto: Emil Vindvik
Emil Vindvik sitt forslag til tilbygg av Studentersamfundet

Vindvik sitt forslag går i eitt med den eksisterande bygingen frå 1929.

Foto: Emil Vindvik
Arkitektur av Siri Frøystein

Siri Frøystein sitt prosjekt er ei utforsking av korleis fasader kan passe inn i eit eksisterande bymiljø.

Foto: Siri Frøystein
Arkitektur av Siri Frøystein

Byggene er inspirert av jugendstilen fra rundt 1900.

Foto: Siri Frøystein

Løkken meiner arkitektar har viktigare problem å løyse enn stil og skjønnheit.

– Vi har ekstreme utfordringar på klima, natur og miljø og sosiale utfordringar.

Han trur ikkje løysinga på dette er å sjå tilbake i tid.

– Da hadde dei heilt andre problemstillingar enn i dag.

– Kjedeleg opprør

Mona Pahl Bjerke er kunstkritikar i NRK. Ho synast det er bra dei unge arkitektane bryt med det etablerte.

– Eg synest det er optimistisk at nokon gjer litt opprør også innafor arkitekturfaget.

– Arkitekturopprøret har vore eit veldig folkeleg opprør. No er det moro at fagfolket sjølv også kjem på banen.

Bjerke trur Arkitekturopprøret har sett fingeren på noko viktig. Samstundes trur ho ikkje å sjå tilbake slik dei ferske arkitektane gjør er løysinga.

Arkitektet Emil Vindvik sin diplomoppgåve

–Det beste nokon kan seie om mitt prosjekt er «kva av dette er det du har teikna», seier Emil Vindvik. Han har teikna eit påbygg til Stundentersamfundet som går i eitt med det nesten 100 år gamle huset.

Foto: Henning Levold / NRK

– Det er eit litt kjedeleg opprør. Om ein ikkje kjem med noko anna enn å kopiere arkitektur frå 1800-talet, så er det ikkje nokon veg framover.

– Då er det berre eit tilbakeslag til noko som er enno meir utdatert enn den moderne arkitekturen.

Trur dei er starten på ei endring

Sjølv om ho ikkje trur tradisjonell arkitektur er vegen å gå, meiner Bjerke noko må skje med måten vi bygger på.

– Vi kan jo tru at når også unge arkitekturstudentar kjenner på dette, så kan det vere starten på noko bra.

Sjølv trur dei tre nyutdanna arkitektane dei kan vere starten på ei endring.

– Eg trur det vi ser med våre diplomoppgåver berre er starten på ei større endring i tankegods, seier Emil Vindvik.

Studentar som ønsker å teikne tradisjonelt har oppretta ei eiga foreining ved NTNU. Der finn ein studentar på lågare trinn enn dei som no er blitt uteksaminert.

Jeppe Holter arkitekt

Dei nyutdanna arkitektane trur dei kan vere starten på ei endring i arkitektstanden.

Foto: Henning Levold / NRK

– Det er ikkje berre oss. Det kjem studentar i kulla under oss som er interessert i det same, seier Holter.

Dei siste åra har studentane også fått moglegheita til å ta eit eige kurs innan klassisk arkitektur.

– Før har det vore tabu å drive med det vi gjer. No har det blitt langt meir aksept for det, seier Vindvik.

– Samstundes tar det fem år å komme seg gjennom arkitektstudiet, så det er jo litt tregleik i systemet.

Les også Fra byggeboom til bomstopp for byggebransjen

Utbygging på Lilleby i Trondheim