NRK Meny
Normal

Nytt naudnett rulla ut i Trøndelag

I dag tok AMK-sentralen i Sør-Trøndelag i bruk det nye naudnettet. Neste veke er det Nord-Trøndelag sin tur. Før sommarferien er det nye digitale nettet rulla ut i heile Trøndelag – for helse, politi og brannkorps.

I dag tok St. Olavs Hospital og resten av helsetjenesten i Sør-Trøndelag i bruk det nye nødnettet.

I dag tok St. Olavs Hospital og resten av helsetenesta i Sør-Trøndelag i bruk det nye naudnettet.

– Den største skilnaden for oss trur eg blir at vi no får eit klart og tydeleg samband, for vi har streva ein del med dårleg lydkvalitet og støy tidlegare, seier avdelingssjef Kirsten Mo Haga ved AMK-sentralen i Sør-Trøndelag.

– Klokkeklart

Kirsten Mo Haga er avdelingsleiar ved AMK-sentralen i Sør-Trøndelag

Kirsten Mo Haga er avdelingsleiar ved AMK-sentralen i Sør-Trøndelag.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– No blir det klokkeklart. Dessutan får vi betre dekning, legg ho til.

Det nye naudnettet for dei tre ulike naudetatane skal vere ferdig utbygd og tatt i bruk i heile landet innan 2015 er omme.

I Trøndelag var Nord-Trøndelag politidistrikt først ut og tok nettet offisielt i bruk 23. mars. Helse Nord-Trøndelag tar nettet i bruk torsdag i neste veke, medan brannkorpset i Nord-Trøndelag har sett 18. juni som startdato.

– Stort framskritt!

– Så til ferien er vi på same nettet alle tre naudetatane, det blir eit stort framsteg, seier Arild Syvertsen, leiar for operasjonssentralen i Nord-Trøndelag politidistrikt.

Arild Syvertsen

Stort framskritt med det nye naudnettet, meiner Arild Syvertsen, leiar for operasjonssentralen ved Nord-Trøndelag politidistrikt.

Foto: Politiet i Nord-Trøndelag

– Vi kan snakke med kvarandre over lange avstandar, og dei første som kjem fram til skadestaden kan oppdatere alle samtidig, seier Syvertsen.

Også i Sør-Trøndelag er alle "på nett" på det nye og effektive naudnettet før sommarferien. Etter at helse tok nettet offisielt i bruk i dag, følgjer politiet etter den 10. juni og brannkorpset 17. juni.

Krev god opplæring

– Men sidan slutten av februar har mesteparten av trafikken vår gått på den nye nettet, med det gamle analoge nettet som backup, seier Curt Ivar Røhmen, prosjektansvarleg ved Sør-Trøndelag politidistrikt.

– Det nye nettet krev grundig opplæring og mykje testing. Vi har difor valt å vente til uti juni med å formelt "og live", seier han.

Nødnettet ambulanse

Det nye utstyret krev grundig opplæring.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Også brannkorpset i Sør-Trøndelag har lenge brukt nettet i stor grad, for å hauste røynsler med bruken – og alle moglegheiter det gir.

Enklare samarbeid

– Vi kan samarbeide med dei andre etatane og eigne mannskap på ein mykje enklare måte enn vi har gjort tidlegare, seier Kåre Peder Norvik, prosjektleiar i Trøndelag brann- og redningsteneste.

Han forklarer at systemet kan setjast opp med ulike talegrupper, avhengig av kven som skal vere med å snakke med kvarandre. Og avstandane kan vere lange..:

– Lindesnes kan snakke med Kirkenes, om nødvendig, seier Norvik, og legg til at dette digitale nettet går både i bakken og i lufta..

(Artikkelen held fram under bildet):

AMK-sentralen på St. Olavs Hospital

AMK-sentralen på St. Olavs Hospital.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Lukka samband

Om nettet gir effektiv og god kommunikasjon mellom dei som skal bruke nettet, stengjer det samtidig ute dei som naudetatane ikkje vil ha der. Det blir kryptert og umogleg å avlytte.

– Det er fordi ingen skal kunne lytte på opplysningar som er sensitive eller forstyrre aksjonane for oss, seier avdelingsleiar Kirsten Mo Haga ved AMK-sentralen i Sør-Trøndelag – der det nye naudnettet er i full bruk frå i dag.

Video fra Trøndelag

Se vår "timelapse" av juliværet i Trøndelag
I over 80 år har Hugos tivoli fra Levanger holdt på. I sommer har en 25-åring overtatt som leder i familiebedriften.