NRK Meny
Normal

– Belle kan ha fått seriemordhjelp frå sheriffen

Sheriffen kan ha visst om kva seriemordaren Belle Gunness frå Selbu dreiv med da ho drap menn som kom til garden hennar i Chicago tidleg på 1900-talet.

Belle Gunness og hennes tre barn

Belle Gunness skal ha tatt livet av opptil fleire ektemenn og fleire barn - i tillegg til friarar som kom til garden hennar.

Foto: NRK

Anne Berit Vestby

Forfattar Anne Berit Vestby.

Foto: Kirsten Røset / Nea Radio
Graver i brannruinene

Leitemannskap graver i ruinane av garden til Belle Gunness i Chicago.

Foto: La Porte County Historical Society

Det meiner forfattaren Anne Berit Vestby etter at ho har forska i den makabre historia om den kvinnelege seriemordaren Belle Gunness frå Selbu.

Gunness var fødd Brynhild Paulsdatter Størseth i Selbu, og ho utvandra til USA i 1881. Ho busette seg i Chicago, og i 1900 skal ho ha drepe den første ektemannen sin. I 1908 vart ho verdskjent for å ha drepe to ektemenn, fleire ungar og mange menn som kom til garden hennar etter å ha svart på kontaktannonsar.

Vanskeleg å talfeste ofra

– Belle Gunness annonserte etter ektemenn, og postmannen skal ha levert opptil ti brev til henne kvar dag i fleire år, seier Vestby.

Mange av dei som kom, var nordmenn som hadde kome til USA heilt aleine.

– Nokre av dei var der for å finne lykka i Klondyke, og mange vart borte utan at dei vart sakna, seier ho. – Derfor er det vanskeleg å talfeste kor mange Gunness kan ha tatt livet av.

Gunness vart avslørt etter ein storbrann på garden. Mannskap som kom til garden, fann leivningane av dei tre adoptivbarna til Belle – og eit titals nedgravne lik. Også liket av ei kvinne låg i ruinane, men dette liket var hodelaust, og det vart spekulert i om Belle kunne ha arrangert brannen for å skjule spor og så dratt for å starte eit nytt liv ein annan stad.

– Først heitte det at «en heiderskvinne er død» som det sto i avisa. Men så vart det grave på garden, kor dei fann mellom 30 og 40 leivningar, seier Anne Berit Vestby.

Sheriffen stoppa gravinga

Sheriffen gjekk ut med at det vart funne leivningar etter ti menneske. Det er dette som har fått Vestby til å tru at han kan ha visst kva Gunness heldt på med.

– Det kan verke som at han ville dysse ned heile saka. Han vart sint på alle som kom for å grave, og han stoppa også gravinga etter nokre dagar, seier Vestby.

Ho trur det må ha vore umuleg for Belle Gunness å stå bak alle drapa heilt aleine, og utan at nokon visste om det.

– Belle må ha hatt vern eller medhjelparar. Og det var kjent at sheriffen var av det kriminelle slaget, som sheriffane ofte var på den tida. I Chicago var det mafiaen som styrte, og det var lovlause tilstanda, seier Vestby, som kjenner seg sikker på at sheriffen må ha hatt motiv for å gjere det han gjorde.

Gir ut bok om Belle

Men ho vil ikkje røpe kva motiv ho tenker på før boka om Belle Gunness er ferdig.

– Eg har skrive 400 sider, og boka er straks ferdig. boka kjem ut i løpet av året, lovar Vestby, som tidlegare har laga ein film om seriemordaren frå Selbu. Vestby er også frå Selbu sjølv.

Ein peikepinn kan vere at ein av dei siste som vart drepne på garden til Belle Gunness hadde svart, krølla hår i knyttneven.

– Det var berre sheriffen som hadde svart, krølla hår, og folkesnakket gjekk raskt om at det var han som var mordaren, seier Anne Berit Vestby.

Video fra Trøndelag

Håper å få åpnet elva i løpet av kvelden.
Slik gikk det med Mette Vollan i uværet.
Skiheisen i Vintervannskleiva åpen igjen.