Nye gasskraftverkplanar på Skogn

Industrikraft Midt-Norge vil legge frem nye planer for realisering av eit gasskraftverk på Skogn.

Gasskraftverk i Skogn
Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Industrikraft Midt-Norge vil onsdag legge fram nye planar for realiseringa av eit gasskraftverk på Skogn, kombinert med eit biovarme-kraftverk.  

Kraftverket vil koste rundt 2,4 miliardar kroner og er halvparten så stort som dei opphavlege planane.

 

Fylkesordfører i Sør-Trøndelag, Tore Sandvik.
Foto: NRK.

 - Dei nye planane for eit gass- og biokraftverk på Skogn er svært gledelege, seier fylkesordførar i Sør-Trøndelag, Tore O. Sandvik. 

Han trur planane vil møte liten motstand og håper at også miljøvernarane kan stille seg bak planane om eit kombinert gass- og biokraftverk.

- Det er svært bra at vi får eit kraftvarmeverk som også utnyttar biomassen på Skogn. På den måten får vi eit kombinert bio- og gasskraftverk, seier Sandvik til NRK Trøndelag.

Vil nytte biobrensel

Industrikraft Midt-Norge har i dag konsesjon til å bygge gasskraftverk utan CO2-reinsing. Grunnen til at byggestarten har dratt ut i tid, er dei høge gassprisane som har gjort at bygginga av eit gasskraftverk ikkje vil vere lønsamt.

Etter det NRK veit, skal gasskraftverket no kombinerast med eit kraftverk som skal drivast av biobrensel. I dette tilfellet betyr det treavfall frå papirfabrikken til Norske Skog.

Industrikraft Midt-Norge vil på noverande tidspunkt ikkje kommentere NRKs opplysingar. Men NRK veit at den nye planene er drøfta inngåande med olje og energidepartementet, og at politikarane truleg har samtykka i planen om eit kombinert gass og biokraftverk.

Miljøorganisasjonane har lenge kravd at det skal nyttast biokraft, fylkesordføraren i Sør-Trøndelag meiner difor dagens forslag er framtidsretta.

- Vi er samstundes heilt avhengige av gasskraft for å få løfta dagens straumsituasjon til eit nivå der vi slepp å legge ned industrien eller risikere veldig høge straumrekningar, seier Sandvik.

Løyser kraftkrisa

Planen inneber også at det skal leggast gassrøyr frå Tjeldbergodden i Møre og Romsdal og inn langs heile Trondheimsfjorden med sideleidningar til Trondheim og andre tettstader langs fjorden.

Det er usikkert kor mykje elektrisk kraft eit slikt kombikraftverk skal produsere, men i dei opphavlege planane skulle gasskraftverket åleine produsere seks milliardar kilowatt-timer i året. Det tilsvarar ein storleik på heile ti Altakraftverk, og det er nok til å avblåse kraftkrisa i Midt-Noreg.

Bak planen til Industrikraft Midt-Norge står Elkem, Norske Skog, Statoil, Nord-Trøndelag energi og Trondheim energiverk.  

- Viss vi skal unngå ei straumkrise og få miljøvenlege kraftløysingar i framtida, må styresmaktene gripe denne sjansen, seier Sandvik.

Video fra Trøndelag

Julestemning for store og små.
Rekordmye regn førte til store problemer i hele Trøndelag. Ras stengte blant annet E14 mellom Stjørdal og Storlien , og i Selbu ble mer enn 400 personer isolert da veien ble sperret av skred.
Store nedbørsmengder har gitt stengte veger og togavsporing