Hopp til innhold

Ny kurs for Dybdahl

Thomas Dybdahl tek farvel med sitt noverande image og musikk.

Thomas Dybdahl 2003
Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Thomas Dybdahl er gjennom mange år kritikerrost og har eit stort publikum. Men i går innleia han sin siste turne i den stilen konsertpublikummet kjenner han.

– Eg føler at eg legg bak meg ein del av karrieren som har vore god mot meg. Det har vore ein porduktiv periode der eg har fått opplevd masse, men reint musikalsk må eg no gjere noko anna, seier Thomas Dybdahl til NRK Trøndelag.

Tre år i dvale

Det har gått tre år sidan Thomas Dybdahl gav ut si siste plate. I alt har han gitt ut fire soloplater, i tillegg til at han er vokalist i gruppa The National Bank.

– Tre år er ganske lang tid i den popkulturelle sfæren og det er mykje som har endra seg, seier Dybdahl.

Han trur at endringar både i privatlivet og i musikken, vil prege den nye plata kraftig.

– Eg er veldig spent på kva publikum vil synast om plata. Det er nok ikkje alle som kjem til å digge det, men slik er det jo alltid, legg Dybdahl til.

Familiemann

Thomas Dybdahl har sjølv blitt far og merkar godt at det ikkje er like enkelt å reise på turne.

– Det er forferdeleg å reise i frå og det er ikkje kjekt å vere borte, men på den andre sida er det jo dette eg kan. Eg veit ikkje kva eg skulle gjort viss eg ikkje spelte musikk.

Han har også fått prøvd seg innan filmmusikkbransjen. Det er ei fin utfording for ein nyetablert familiemann.

– Det er godt å kunne sette av eit halvt år til å berre vere heime i studio, det skal eg ikkje leggje skjul på. Det gav også meirsmak, seier Dybdahl.