NTNU tek vare på studentane

NTNU sitt beredskapsteam tek vare på medstudentane til den 29 år gamle kvinna som blei funnen drepen i Trondheim torsdag.

Drapsåstedet

Døra på studenthuset blei i går stengt av politiet.

Foto: Tor Aage Hansen

– Det er studiestart på mandag, og studentane er på veg tilbake. Vårt fokus no er på å ta vare på dei som treng omsorg og oppfølging, seier NTNUs infosjef Christian Fossen til Universitetsavisa .

– Uverkeleg

Inge Storkaas Røysland og Maren Solheim Eid bur i same oppgang som den drepne kvinna og den sikta mannen.

Dei er sjokkerte over at det har skjedd eit drap i bustadblokka deira på Kalvskinnet i Trondheim.

– Dette er uverkeleg og slikt som ein berre opplever på film. Det å tenkje på at vi stod og laga frukost og at nokon samstundes blir drepen i etasjen over er surrealistisk, seier Inge Storkaas Røysland til NRK.

– Tragisk sak

Studentane har ikkje sett i gang noko sjølv, og vil heller ikkje gjere det.

– Vi synes dette er ei tragisk sak, men overlet resten av saka til kriseteamet ved NTNU, seier leiar ved Studenttinget, Amund Aarvelta til NRK.

Video fra Trøndelag

1500 besøkende i helgen
I 2016 har det vært nesten 10 000 viltpåkjørsler. 1/4 av dem skjer i Trøndelag.
Fikk heder for sitt arbeid med mangfold og inkludering.