Hopp til innhold

Studentar reiser tidlegare frå smittestengte Trondheim: – Det er ingen grunn til å bli

Kommunedirektøren synest det er klokt av studentar å reise frå Trondheim til stadar med mindre smitte.

 Rebekka Øvensen, Rebekka Bjorøy og Julie Kristine Rustad og nyter sola. 

KJENNER FLEIRE SOM REISER NO: Studentane Julie Kristine Rustad, Rebekka Bjorøy og Rebekka Øvensen kjenner fleire som reiser heim tidlegare fordi at byen stenger ned.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

I høgskuleparken i Trondheim nyt Julie Kristine Rustad, Rebekka Bjorøy og Rebekka Øvensen sola.

Studentane hadde gleda seg til å feire siste innleverte eksamen saman med kameratane. Som følgje av smittesituasjonen og nedstenginga blir det ikkje slik.

– Eg hadde eigentleg tenkt å bli eit par dagar til sidan det er meldt så utruleg fint vêr, men så bestemte eg meg for å dra heim til Drøbak tidlegare sidan det denne veka kom så strenge tiltak, seier Julie Rustad.

Julie Kristine Rustad.

REISER FRÅ STENGT STUDENTBY: Julie Kristine Rustad reiser heim til Drøbak tidlegare enn planlagt på grunn av koronasmitten og nedstenginga i Trondheim.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Fullfører studieåret heime med foreldra

Rustad er ein av fleire studentar NRK har snakka med, som reiser heim tidlegare, som følgje av smitten og restriksjonan som er innført.

– Det er veldig mange som reiser heim no sidan det er så strengt her. Det er ingen grunn til å bli. Kollektivet mitt og dei fleste frå studiet mitt har bestilt billett heim, seier Rebekka Øvensen.

Både ho og veninna har fleire eksamenar igjen denne våren. Men berre ei av dei vel å vente med å reise frå byen, til etter at ho er ferdig med eksamen

– Det er enklare å jobbe og konsentrere seg på lesesalen enn heime i Oslo, seier Øvensen.

Rebekka Øvensen

REISER IKKJE HEIM ENNO: Rebekka Øvensen ventar med å reise heim til etter eksamen.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Må følgje reglane i studiebyen sjølv om dei reiser heim

Måndag stengde formannskapet i Trondheim ned store delar av byen. Kommunalråd Marte Løvik (Sp) fryktar at studentar som flyktar frå byen, tar med seg smitte til andre stadar.

– Kva kan bli konsekvensen av det?

– Vi veit at smitten er kome inn på NTNU. Faren er jo at folk tar med seg smitten heim til andre stader i landet og smittar familie der. Og det er ikkje ønskjeleg, svarar Løvik.

Kommunalråden minner på at folk som bur i Trondheim til dagleg, skal følgje smittevernreglane som gjeld her, sjølv om dei reiser frå byen.

– Dei fleste som studerer i Trondheim bur her store delar av året, då er det tiltaksnivået her ein skal følgje, seier ho.

Marte Løvik, kommuneråd i Trondheim (Sp)

FRYKTAR SMITTEN SPREIER SEG: Kommunalråd Marte Løvik (Sp) minner om at folk som bur i Trondheim må følgje dei lokale koronareglane, sjølv om dei drar frå byen.

Foto: Hans Ivar moss Kolseth / NRK

– Må vere veldig forsiktige

– Eg synest det er klokt å reise heim no om ein kjem frå ein plass kor det no er gjenopna og kor ein kan nyte tilværet på ein anna måte, seier kommunedirektør i Trondheim, Morten Wolden.

Han er samtidig bekymra for at studentane tar med seg smitte til andre stadar. Og oppfordrar dei derfor til å vere obs på koronasymptom, vise omsyn til andre under heimreisa, teste seg når dei kjem heim og å avgrense sosial kontakt i starten.

– Dei må vere veldig forsiktige, seier han.

Denne veka skal kommunedirektøren diskutere smittefare ved heimreise under eit møte med NTNU.

– Er ikkje det litt seint å ha møte om dette no?

– Nei eg trur ikkje det er for seint. Studentane har vist at dei kan handtere smitten her i Trondheim og andre stadar. Det er oppegåande folk, som eg reknar med tar sine forholdsreglar, svarar Wolden. Han understrekar at kommunen har hatt tett dialog med universitetet og studentane over lengre tid.

– Korleis trur du det at studentane reiser heim vil påverke smittetrykket i byen?

– Vi har ikkje inntrykk av at studentane er den store kjelda til smitte i byen. Men dei utgjer 37.000 personar, så det er klart at med færre unge folk i byen, så er det også mindre risiko for smitte, svarar Wolden.

Held ikkje oversikt over når studentane reiser

NRK har spurt NTNU om dei delar erfaringa vår om at mange no reiser heim tidlegare enn planlagt på grunn av smitte og nedstenging i Trondheim.

Prorektor Marit Reitan svarar at dei ikkje held oversikt over når studentane deira reiser frå studiebyen sin.

Bortsett frå i den innleiande fasen av pandemien, har ikkje NTNU informert studentane om generelt smittevern.

– Vi informerer om høve som gjeld NTNU spesielt, også forventar vi at studentane held seg oppdatert på informasjon og retningslinjer som kjem frå nasjonale og lokale styresmakter. Det har vi og inntrykk av at dei gjer, svarer Reitan.