NTNU-rektor tryglar studentane om å registrere seg på førelesingane

Fleire hundre studentar kunne unngått karantene dersom dei hadde sjekka inn på førelesing. Universitetet skjerpar no rutinane for eigenregistrering.

QR-kode, klistremerker, NTNU

KLISTREMERKER: NTNU jobbar med å lime QR-kodar på kvar plass i auditoria, slik at studentane får ei påminning om å registrere seg.

Foto: Stein Lorentzen

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Tre NTNU-studentar fekk påvist koronasmitte i slutten av førre veke.

500 hamna i karantene, men talet kunne vore redusert heilt ned til 30 dersom alle studentane hadde registrert seg då dei møtte opp til førelesingane.

Smittesporingsarbeidet er utfordrande, fordi fleire studentar droppar å registrere seg.

For å gjere smittesporingsarbeidet lettare, utstyrer NTNU denne veka 25.000 bordplassar i auditoria med klistremerker som alle har ein QR-kode.

På den måten vil dei 33.000 studentane ved universitetet få ei ekstra tydeleg påminning.

– Eg vil be studentane innstendig om å registrere seg. Det vil lette arbeidet til kommunen i situasjonar der ein må drive smittesporing, seier rektor Anne Borg ved NTNU.

Rektor Anne Borg, NTNU

KLAR OPPFORDRING: Rektor Anne Borg ved NTNU ber studentane innstendig om å registrere seg når dei møter opp på førelesing ved universitetet.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

500 i karantene – kunne redusert talet

Fredag innrømde NTNU at dei ikkje har kontroll på kven som møter opp på førelesingane ved universitetet.

Dei nye klistrelappane skal minne studentane på å registrere kva for eit rom dei oppheld seg i, og at dei sjølv må registrere plassnummeret sitt.

– No vart 500 studentar sendt i karantene, men det kunne vore om lag 30 om alle registrerte seg, anslår rektoren.

Ho synest systemet i seg sjølv fungerer bra, men ho har lagt merke til at fleire studentar lar vere å registrere seg.

NTNU

PLASSREGISTRERING: Studentane ved NTNU må sjølv registrere kva for ein plass dei sit på under førelesingane ved universitetet.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

– Eg har mistanke om at det handlar om at vi ikkje har hatt smittetilfelle før no, og då har ein kanskje senka skuldrene litt.

Enkelt for studentane å registrere seg

NTNU-studentane NRK møter på Gløshaugen meiner universitetet har tilrettelagt bra for at det skal vere trygt å gå på førelesing under koronapandemien.

– Det er berre å ta fram kameraet på telefonen og skanne QR-koden, og så blir ein sendt vidare til ei nettside for å registrere seg der. Veldig enkelt, seier Stinus Reklev Øverbø.

QR-kode, NTNU

QR-KODE: Studentane ved NTNU blir oppfordra til å registrere seg ved hjelp av ein QR-kode for å lette arbeidet med smittesporing viss nokon får påvist koronasmitte.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

– Eg føler meg trygg. Eg tenkjer det er smart å ha QR-kodar på alle plassane og innføre plassregistrering. Det blir ikkje noko meir jobb for oss studentane. Vi kan like godt registrere kva plass vi sit på, når vi først har registrert oss i eit auditorium, seier student Kirsti Rindal.

– NTNU bør vurdere obligatorisk registrering

Kommuneoverlege i Trondheim, Tove Røsstad, fortel at arbeidet med smittesporing blei ekstra utfordrande, sidan den første studenten som fekk påvist smitte hadde deltatt i førelesingar med veldig mange andre til stades.

Ho underviser sjølv medisinstudentar, og dei fortel at dei ikkje hugsar på å registrere seg lenger.

– Vi må finne ein måte å få motivert studentane til å registrere seg. Det er det arbeidet som ligg føre oss no. Studentane må skjøne at dette verkeleg er til fordel for dei sjølv, seier ho.

Kommuneoverlegen har i Universitetsavisa bedt NTNU om å vurdere obligatorisk registrering.

Kommuneoverlege Tove Røsstad, Trondheim kommune

MÅ MOTIVERE: – Vi må finne ein måte å få motivert studentane til å registrere seg. Det er det arbeidet som ligg føre oss no, seier kommuneoverlege i Trondheim, Tove Røsstad.

Foto: Karianne Breivik Eldnes / NRK

– Fordelen ved å registrere både rom og plass er at ein slepp å sette så mange i karantene, for då veit ein kven som sat i nærleiken av den smitta.

Ho legg vekt på at det også vil vere bra for smittesporarane i kommunen. Dei vil ha ein langt enklare jobb med eit system der dei får registrert akkurat kor studentane sit.

NTNU-rektoren er skeptisk til obligatorisk registrering, med tanke på personvernet.

– Så langt har vi både av juridiske og praktiske grunnar ikkje kunne krevje at alle studentar må registrere seg før førelesingane, seier Borg.

Ho held fram:

– Min veldig klare beskjed til studentane er at eg forventar at dei registrerer seg, slik at vi kan halde smitten nede. Det er kjempeviktig for at smittesporingsjobben til kommunen blir effektiv. Ikkje minst slepp vi å sende fleire studentar enn nødvendig i karantene.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 29.01.2022
118 486
Smittede siste 7 dager
263
Innlagte
1 439
Døde
4 313 034
Vaksinerte